Daniel skjeldam foto hurtigruten 11
HURTIGRUTEN: Hurtigruten taper pengar, men konsernsjef Daniel Skjeldam trur det vil snu til våren. Foto: Hurtigruten
Nytt

Trur på normale tider frå midten av 2022

Pengane renn ut for Hurtigruten, men førehandssalet for 2022 og 2023 er 'all time high.

29.11.2021

Konsernsjef Daniel Skjeldam trur på normal inntening frå andre kvartal neste år, ifølgje ein epost til DN, ein epost som er sendt via kommunikasjonsavdelinga.

Bakgrunnen er at Hurtigruten har lagt fram oppdaterte tal for tredje kvartal, tal som viser at omsetninga har gått ned frå 230 millionar euro etter tre kvartal i fjor, til 147 millionar euro i år.

Store tap
Resultatet før skatt er på minus 186 millionar euro, mot minus 102 millionar etter tre kvartal i fjor.

Skjeldam opplyser til avisa at han ventar at første kvartal neste år vert noko påvirka av korona,

– Vi venter at første kvartal neste år er noe påvirket av korona, men andre kvartal vil mest sannsynlig bli første kvartal med et normalt belegg, omsetning og ebitda-resultat.

'All time high'
Skjeldam opplyser samstundes at førehandssalet for 2022 og 2023 er 'all time high.

Som NETT NO tidlegare har opplyst at hovedeigar TDR Capital har skote inn 75 millionar euro i ny kapital, i tillegg til at Hurtigruten var ute i marknaden for grøne obligasjonar. Desse planane om grønt obligasjonslån vart skrota sist veke.

Vil byggje nytt
Hurtigruten har ei netto renteberande gjeld på vel 13,7 milliardar kroner, og har på gang fleire ombyggingsoppdrag. Hurtigruten Norge – den delen av konsernet som driv rutetrafikken langs Norskekysten - har på gang ombygging av skipa Nordlys, Kong Harald og Richard With for å gjere dei meir miljøvenlege.

Myklebust Verft, som Hurtigruten er medeigar i, fekk oppdraget på oppgradering av Kong Harald, eit arbeid som skal skje vinteren/våren neste år.

I tillegg kjenner NETT NO til at Hurtigruten Expeditions er ute i marknaden og sjekkar prisar på to nye ekspedisjonscruiseskip, i tillegg til opsjon på ytterlegare to.

Publisert: 29.11.2021 05:55

Sist oppdatert: 28.11.2021 22:28

Mer om