Hyperthermics-kontrakt i Danmark
Skal levere testanlegg i biogass-produsent. Suksess kan gi store oppdrag.
Hyperthermics i Ulsteinvik skal bygge og levere eit testanlegg til eitt av danske Nature Energy sine biogassanlegg, ved Videbæk på Jylland.
Ideen bak Hyperthermics er å bruke bakteriekulturar som arbeider under trykk og høg temperatur til å få fart på nedbrytinga av biologisk materiale, slik at produksjonen av biogass går raskare.
Biogass blir laga av nedbrytinga av biologiske materiale og kan brukast som energikjelde på lik line med naturgass frå olje- og gassutvinning. Gassen blir rekna som nøytral med omsyn til CO2-utslepp fordi den er basert på biologisk materiale, der gassen inngår i ein krinslaup og ikkje tilfører atmosfæren ekstra CO2.
Les også
Testanlegget vil koste omlag 20 millionar kroner og målet er at det skal vere i drift i løpet av året.
Kan få store kontrakter
Dersom Nature Energy er fornøgd med testanlegget kan det blir langt større oppdrag for Hyperthermics.
"Går det som danskene forventer, er det snakk om flere store anlegg. Det første skal kunne håndtere 200.000 tonn halm, husdyrgjødsel og annet landsbruksavfall per år.", skriv Hyperthermics i ei pressemelding.
Dagleg leier Erlend Haugsbø seier til NETT NO at det i neste omgang er snakk om eit anlegg til omlag 45 millionar kroner neste år, og deretter oppdrag for ytterlegare omlag 100 millionar - ved full ombygging av anlegget ved Videbæk til bruk at Hyperthermics teknologi.
Tek deler av kostnaden
Hyperthermics skal sjølv ta ein del av kostnaden med testanlegget.
I følgje Haugsbø blir testanlegget uansett bygd, men han vil førebels ikkje seie meir enn at det blir arbeidd med finansiering og at han reknar med ei snarleg avklaring.
Vekst
Biogassanlegget ved Videbæk forsyner meieriselskapet Arla sitt anlegg i kommunen med energi og er eitt av 11 anlegg Nature Energy har i Danmark.
Selskapet driv og eitt anlegg i Frankrike og eitt i Storbritannia og arbeider for å bygge fleire, både i Danmark og andre land.
Remmereit-ide
Hyperthermics spring ut av miljøet rundt Natural-gründer Jan Remmereit i Hovdebygda. Selskapet var eitt av selskapa som blei etablert etter at han selde aksjane sine i Natural til Kjell Inge Røkkes Aker i 2006.
Selskapet har gjennomført fleire kapitalutvidingar og i 2018 vart innsatsen auka, med fleire tilsette og hovudkontoret plassert i Ulsteinvik.
I 2016 fekk selskapet ein avtale om å bygge eit pilotanlegg på Lindum sitt biogassanlegg ved Drammen, eit anlegg som har vore i bruk sidan.
Tidlegare i år signerte selskapet ein intensjonsavtale om å bygge eit anlegg som skal behandle fiskeslam frå Roger Hofseth sitt planlagte landbaserte anlegg i Raudbergvika ved Storfjorden, i Fjord kommune.
Tidlegare i år offentlggjorde Hyperthermics i ein intensjonsavtale med Ultramar Energy Ltd om testing og utvikling av to biogassanlegg, eller proteinanlegg i Mexico. Målet er at det skal bli ein bindande avtale i løpet av 2021.
Det London-baserte selskapet og Hyperthermics har også inngått ein intensjonsavtale om at Ultramar skal bidra med 30 millionar kroner for å finansiere bygging av tre andre fullskala biogass-og proteinanlegg. Håpet til selskapet er at desse avtalane skal bli bindande innan utløpet av 2022.
Les også
Publisert: 18.05.2021 08:25
Sist oppdatert: 21.05.2021 11:16