Halsebakk, Stette og Kjølås inn i Ulstein-selskap
Hyperthermics-sjefen gler seg over å ha fått inn «strategiske investorar» mot havbruk.
Ronja Capital II, Stette Invest og Kjølås Stansekniver går inn på eigarsida i Hyperthermics, ifølgje ei pressemelding torsdag.
Til saman har dei nye eigarane no 23,3 prosent av aksjane i selskapet.
Tore A. Tønseth og Roger Halsebakk i Ronja Capital II og Peder Stette og Frode Kjølås i Stette Invest og Kjølås Stansekniver uttalar i pressemeldinga at dei har stor tru på utviklinga i selskapet.
Strategiske investorar mot havbruk
Dagleg leiar Erlend Haugsbø i Hyperthermics fortel at dei nye eigarane har kjøpt aksjar som selskapet sjølv satt på etter at nokre selte seg ut i fjor.
– For Hyperthermics er det flott å få inn desse personane med sine nettverk og som døropnarar til havbruk. Vi ser på desse som strategiske investorar inn mot denne næringa, fortel Haugsbø til NETT NO.
Han vil ikkje opplyse konkret kor mykje trioen har gått inn med.
Tønseth inn i styret
Roger Halsebakk, Peder Stette og Frode Kjølås er mellom anna med på satsinga med det landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution, og er engasjert i ein rekke andre selskap.
– Hyperthermics er svært godt posisjonert til å ta del i denne utviklinga, uttalar Tore A. Tønseth i meldinga.
Tønseth tek samtidig plass i styret som representant for dei tre eigarane.
Mest lokale investorar
Selskapet har tidlegare gjort fleire emsisjonar, men det er altså ikkje tilfelle denne gongen.
Haugsø fortel at det i hovudsak er investorar frå Nordvestlandet som er med på satsinga. Eit av unntaka er Vardar AS, som er eit energikonsern eigd av 19 kommunar i tidlegare Buskerud fylke.
Fleire av dei tilsette eig også aksjar i Hyperthermics. Selskapet har ikkje lengre eigne aksjar etter at trioen Halsebakk, Stette og Kjølås har kome inn.
Ny avtale denne veka
Hyperthermics nyttar utviklar anlegg som bakteriekulturar som under trykk og høg temperatur, får fart på nedbrytinga av biologisk materiale. På den måten kan produksjon av biogass skje raskare.
Selskapet har tolv tilsette og hovudkontor i Ulsteinvik.
Dei offentleggjorde denne veka ein ny avtale i Danmark. Selskapet skal bygge og levere eit testanlegg til eitt av danske Nature Energy sine biogassanlegg, ved Videbæk på Jylland.
Publisert: 20.05.2021 08:07
Sist oppdatert: 11.01.2022 13:19