Nytt
Hyperthermics hentar pengar
Målet er å hente inn 12 millionar kroner i løpet av fjerde kvartal.
04.10.2018
Hyperthermics gjennomførte ein emisjon på åtte millionar kroner tidlegare i år, retta mot eksisterande og nye eigarar, og har utvikla ein meir kompakt og effektiv versjon av produktet sitt - eit anlegg som set større fart på nedbrytinga i biogassanlegg.
Selskapet har eit generalforsamlingsvedtak om å hente inn inntil 20 millionar kroner i ny eigenkapital, men valde i første omgang ein emisjon på åtte millionar.
No skal selskapet gjennomføre andre runde i emisjonen fortalde Erlend Haugsbø, leiar for sal og marknadsføring i Hyperthermics i ein presentasjon på arrangementet Founders Lunch hos ÅKP onsdag 3. oktober.
Ved hjelp av bakteriar som trivest i høg temperatur bryt Hyperthermics ned bioavfall raskare enn i eit ordinært biogassanlegg. Ved å kombinere eit Hyperthermics-anlegg med eit ordinært anlegg, der blandinga frå Hyperthermics-anlegget blir blanda inn i det ordinære anlegget - kan tida det tar å bryte ned bioavfallet i beste fall halverast.
Raskare nedbryting betyr at det totale anlegget får større kapasitet og eventuelt kan byggast mindre og billegare.
I dag kan selskapet dokumentere effekten av metoden sin ut av eige anlegg. Ny målemetodar skal dokumenter effekten av eit komplett biogassanlegg der eit Hyperthermics-anlegg inngår.
Selskapet har eit testanlegg i drift ved renovasjonselskapet Lundin sitt biogassanlegg ved Drammen. Målet er å ha dratt i land det første kommersielle salet i løpet av 2018.
Eksisterande aksjonærar sto for ein stor del av kapitalen i førre runde, og blir og invitert til å skyte inn pengar i denne runda.
Selskapet har eit generalforsamlingsvedtak om å hente inn inntil 20 millionar kroner i ny eigenkapital, men valde i første omgang ein emisjon på åtte millionar.
No skal selskapet gjennomføre andre runde i emisjonen fortalde Erlend Haugsbø, leiar for sal og marknadsføring i Hyperthermics i ein presentasjon på arrangementet Founders Lunch hos ÅKP onsdag 3. oktober.
Sal og måling
Pengane skal gå til å styrke kapasiteten innan sal og marknadsføring og til å utvikle målemetodar for å betre dokumentere effekten av Hyperthermics sine anlegg.Ved hjelp av bakteriar som trivest i høg temperatur bryt Hyperthermics ned bioavfall raskare enn i eit ordinært biogassanlegg. Ved å kombinere eit Hyperthermics-anlegg med eit ordinært anlegg, der blandinga frå Hyperthermics-anlegget blir blanda inn i det ordinære anlegget - kan tida det tar å bryte ned bioavfallet i beste fall halverast.
Raskare nedbryting betyr at det totale anlegget får større kapasitet og eventuelt kan byggast mindre og billegare.
I dag kan selskapet dokumentere effekten av metoden sin ut av eige anlegg. Ny målemetodar skal dokumenter effekten av eit komplett biogassanlegg der eit Hyperthermics-anlegg inngår.
Avtale med Equinor
Haugsbø vil ikkje kommenter korleis selskapet blir verdsett i denne emisjonsrunden samanlikna med førre runde, men peika på at selskapet no er nærare si første kommersielle kontrakt og også har fått ein avtale med Equinor om tilgang til Equinor si bakteriesamling.Selskapet har eit testanlegg i drift ved renovasjonselskapet Lundin sitt biogassanlegg ved Drammen. Målet er å ha dratt i land det første kommersielle salet i løpet av 2018.
Eksisterande aksjonærar sto for ein stor del av kapitalen i førre runde, og blir og invitert til å skyte inn pengar i denne runda.
Publisert: 04.10.2018 08:51
Sist oppdatert: 21.05.2021 11:22