Haapar paa bygging av fregattar
TRENG NYE FREGATTAR: Forsvaret har berre to fregattar operative etter Helge Ingstad-forliset. Lars Gørvell-Dahll i Norsk Industri vil ha bygging av nye fartøy til norske verft. 
Nytt

Håpar på bygging av fregattar

Nye kystvaktskip vil sikre milliardinntekter til den maritime industrien. No håpar bransjesjef i Norsk Industri det same skjer med nye fregattar.  

Marius Rosbach
06.11.2019
(les fleire saker frå verftskonferansen i lenkene til høgre - under artikkelen om du les på mobil)
Folk frå verftsnæringa og andre delar av maritim industri er tysdag og onsdag samla til verftskonferanse i Ålesund.
Lars Gørvell-Dahll som leiar maritim bransjeforening i Norsk Industri er vertskap for konferansen for ei næring som har opplevd motgang dei siste åra. Han håpar bygging av nye fregattar kan hjelpe på arbeidsmengden til næringa.

– Må byggjast i Norge

Mange har rost omstillinga verfta har gjort etter offshoremarkedet kollapsa, men ordrebøkene er no lågare enn på mange år.
– Eg håpar det kjem ein serie med nye fregattar, og dei må byggjast i Norge, slik vi gjer med kystvaktskipa. Det er ei fantastisk sak, seier han til NETT NO om kjempeoppdraget Vard sikra seg i fjor.
Langsten-verftet skal i løpet 2021-2024 il ein kontraktsverdi for Vard på om lag fem milliardar - ein vesentleg del av ordreboka til konsernet.

Les også:


Møtte motstand om kystvaktskip

Bransjesjefen viser til at Norsk Industri jobba saman med LO og Fellesforbundet for å få bygginga av kystvaktskipa til eit norsk verft.
– Det er ei konkret sak vi fekk til. Den gong blei det hevda at fartøya ikkje var militære nok til å seie at dei skulle byggjast i Norge, seier Gørvell-Dahll.
Enden på visa blei uansett at dei skulle byggjast her og ingen har protestert på den avgjerda.
– Og fregatt er absolutt militært. Det vil overraske meg om eit slikt oppdrag går til eit anna land. Forsvarsbudsjetta skal aukast og det seiast at marinen sine fartøy er utdaterte, legg han til.

Forsvarssjefen vil ha fire skip

Tidlegare i haust kom forsvarssjefen med sine ønskjer for framtida, som mellom anna inkluderte fire nye fregattar.
– Vi kan helde fram å bygge cruiseskip ei stund til, men kva kjem så, spør Gørvell-Dahll og meiner noko av svaret er militære fartøy.
Eit minimumskrav frå forsvarssjefen var to nye fartøy til flåten som etter Helge Ingstad-forliset berre utgjer to operative fregattar.

Meir frå verftskonferansen:




Treng 120-30 skip i vindkraft

Analysesjef Erik Tønne i Clarkons Platou i sitt innlegg måndag.
Gørvell-Dahll meiner det er ein interessant marknad. Han har lita tru på at verfta vil bygge sjølve konstruksjonane til turbinane.
– Eg trur det er utstyrsleverandørane våre som vil synest at det er mest spennande, seier han.
Men det skal også byggjast skip. Tønne i Clarkons Platou viste eit anslag som tilseier at det er behov for kring 120-30 skip med ulike funksjonar i marknaden dei neste ti åra.
Analysesjefen trur cruise, fisk og ferje framleis vil vere viktig for verfta dei komande åra, men at det også kjem enkelte nybygg i offshore.

Les meir:



Publisert: 06.11.2019 13:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43