Kongsberg maritime anette bonnevie wollebæk foto marius rosbach åkp11
KAN BLI RÅKA FREDAG: Om lag 300 Kongsberg Maritime-tilsette på Sunnmøre er tekne ut i streik frå fredag, ifølgje kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk. Foto: Marius Rosbach/ÅKP
Nytt

Håpar å unngå full stans i produksjonen

300 Kongsberg-tilsette på Sunnmøre kan vere i streik frå i morgon. Også Brunvoll- og Ulstein-konsernet ramma.

Marius Rosbach
20.04.2023

Fredag morgon kan kring 17.000 nye LO- og YS-medlemmar vere i streik, i tillegg til dei kring 25.000 som gjekk ut i streik måndag.

I Møre og Romsdal blir LO-organiserte i 25 nye bedrifter råka i dette andre streikeuttaket, i tillegg til dei om lag 30 bedriftene som allereie er ramma.

Ei opptrapping fredag vil mellom anna ramme dei store industrilokomotiva i den maritime klynga i regionen, Kongsberg Maritime og Brunvoll.

Berre i desse to utstyrsbedriftene vil om lag 470 tilsette på Nordvestlandet gå ut i streik – om ikkje konflikten blir avblåst.

Vil påverke alle anlegga på Sunnmøre
– Oppunder 400 av våre tilsette blir tatt ut frå fredag. Cirka 300 av desse jobbar på Sunnmøre, opplyser kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime til NETT NO.

Streikeuttaket vil påverke produksjonen ved anlegga til Kongsberg Maritime i Ulsteinvik, Brattvåg og på Longva. I tillegg blir avdelingar i Horten og Os råka.

– Det vil sjølvsagt få konsekvensar for pågåande prosjekt, og vi vil snakke med kundane det gjeld om dette. Vi håpar å unngå og stenge produksjonen heilt ned på dei fleste av desse plassane, men det vil definitivt bli utfordrande - spesielt om dette blir ein langvarig streik, legg Wollebæk til.

Brunvoll Kåre Øyvind Vassdal
BRUNVOLL: Konsernsjef Kåre Øyvind Vassdal i Brunvoll reknar med full stopp i fabrikkaktivitetar. Foto: Brunvoll

Kring 170 i streik ved Brunvoll
Hos Brunvoll-konsernet blir 115 tilsette i Molde og 56 tilsette i Volda – totalt 171 – tekne ut i streik frå fredag. Konsernsjef Kåre Øyvind Vassdal opplyser at nokre uorganiserte i same arbeidsgrupper blir permitterte i tillegg.

Vassdal fortel at konsernet først vil merke konsekvensane av streiken på ettermarknadverksemda. Der vil dei «rimeleg raskt» få utfordringar med kapasiteten, og ikkje klare å rekke over alle oppdraga.

– Samtidig vil streiken medføre tilnærma full stopp i fabrikkaktivitetar. Så konsekvensane på levering av nye anlegg vil vere merkbart innan rimeleg tid om det varer ved, fortel han.

Har varsla tredje streikeuttak
Brunvoll-sjefen legg til han håpar partane kjem fram til ein avtale om ikkje mange dagane – og at dei vil «køyre på med full aktivitet» på dei områda som ikkje blir påverka av streiken på kort sikt.

Lite tyder på at streiken blir avblåst i løpet av kort tid. LO har samtidig varsla at dei jobbar med eit mogleg tredje streikeuttak neste veke.

Fredag er det invitert til streikemarkeringar over heile landet, mellom anna i Ålesund, Molde og Ulsteinvik. LO-leiar Peggy Hessen Følsvik har varsla at dei kjem til å tenkje strategisk og ramme der det verkeleg smertar.

Ulstein-selskap vurderer tiltak
Ulstein Group kan også bli påverka av streiken frå fredag og 19 tilsette i Ulstein Elektro Installasjon er tekne ut i det neste uttaket. Planlagde prosjekt på ettermarknad kan bli utsett, og det kan føre til utfordringar i produksjonen.

– Eventuelle tiltak vert vurdert forløpande, ifølgje administrerande direktør Lars Lühr Olsen.

I den maritime klynga elles er mellom anna kring Vard Electro-tilsette ute i streik.

Streik lønnsoppgjer transport postnord 11
FORSEINKA: Fleire av dei mest travle ferjesambanda på Nordvestlandet er råka av streiken. Færre avgangar har gitt lengre køer. Foto Marius Rosbach

Entreprenørar, ferjer og transportbransjen påverka
I første omgang vart streiken merkbar på Nordvestlandet ved byggeprosjekt hos fleire av større entreprenørar.

Samtidig vart ferjekøane lengre og transportbransjen forseinka. Også på Ekornes-fabrikken på Ikorrnes var store delar av arbeidsstokken i streik frå måndag.

NETT NO fortalde tidlegare i veka om Postnord-sjåføren Seweryn som ikkje rakk å levere alle bedriftspakkane han skulle allereie første streikedag.

Stoppar drifta i Ålesund og Åndalsnes
Fredag vil Postnord-anlegget ved Bingsa i Ålesund være mellom arbeidsplassane der aktiviteten stoppar heilt opp. Ifølgje pressesjef Haakon N. Olsen vil dei stoppa drifta ved alle deira terminalar - også på Åndalsnes.

– Omfanget av varsla plassoppseiingar er så stort at det ikkje er mogleg å drive selskapets andre funksjonar på ein forsvarleg måte, så lenge streik går føre seg, fortel han.

Veidekke verst råka i byggeverksemda
Veidekke er mellom andre landsdekkande konsern som vart betydeleg råka frå starten. 1200 tilsette over store delar av landet vart tekne ut i streik frå måndag.

På Nordvestlandet gjaldt det tilsette både i Ålesund, Ørsta, Åndalsnes og Sandshamn. Onsdag blei det kjent at konsernet óg har sendt vilkårsbundne permitteringsvarsel for alle sine tilsette.

Kommunikasjonssjef Helge Dieset fortel til NETT NO desse vart sendt ut før påske, og at det er stor variasjon i kor hardt dei ulike avdelingane deira er påverka. Byggeverksemda er hardast råka – men også her er det variasjonar.

– Ein del byggeprosjekt har fått betydelege utfordringar, medan andre klarer å køyre med avgrensa drift, seier han.

Dieset påpeiker at dei også er avhengige av at underleverandørane deira klarer å helde drifta oppe.

Publisert: 20.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 20.04.2023 09:48

Mer om