AA Skjermbilde 2026 04 27 kl 20 39 00
KLEKT UT PÅ SUNNMØRE: Peder Stette, Frode Håkon Kjølås og Roger Halsebakk (øverst frå venstre) er blant investorane i Hyperthermics. Innfelt nede til venstre, dagleg leiar Elias Breiteig Liavaag med dattera Ilia på armen og forretningsutviklar Øystein Bjørkedal. Innfelt til høgre styreleiar Harald Nordal og gründer Jan Remmereit i laborartoriet då Hyperthermics var i startfasen.
Nytt

I mål med første kommersielle avtale

Hyperthermics-kontrakt med tysk biogassanlegg. Håpar på 15-20 slike avtalar innan utgangen av 2027.

28.04.2026

Vegen har vore lang for Hyperthermics i Ulsteinvik. Selskapet, som har fleire frå Nordvestlandet som medeigarar, vart stifta i 2013. Inntil no har det handla om investering i utvikling og testing, med eit samla underskot på 130 millionar kroner sidan starten.

Ideen er å utnytte bakteriar som arbeider under høg temperatur til å få fortgang i nedbrytingsprosessen i biogassanlegg. Større fart aukar kapasiteten og det betyr betre lønsemd for biogassanlegga. 

Etter først å ha testa ut og vidareutvikla teknologi og metodar i eit pilotanlegg i Drammen og deretter i eit pilotanlegg i Danmark, har selskapet no fått det dagleg leiar Elias Breiteig Liavaag og forretningsutviklar Øystein Bjørkedal kallar det kommersielle gjennombrotet. 

Fleire kontraktar
– Vi er ikkje lenger der at vi må bevise at teknologien fungerer, seier Breiteig Liavaag.

No ventar selskapet at fleire kontraktar skal følgje den første:

"Selskapet har i 2026 inngått sin første kommersielle kontrakt for levering av HT Biogas Booster Teknologi for levering og oppstart 2026. Markedet reagerer positivt på at selskapet har inngått en slik avtale, og kontrakten er en god referanse for andre aktører som vil ha positiv effekt ved benyttelse av selskapets teknologi", heiter det i årsmeldinga for 2025. (Sjå resultat i tabell i slutten av artikkelen).

Bjørkedal vil ikkje kommentere storleiken på den første kontrakten, men seier selskapet vil få eit driftsresultat i pluss med 15-20 kontaktar i denne storleiken. Det ventar han selskapet vil oppnå innan 2027 er omme. 

Klikk på lenka under for å  lese meir om historikk, teknologi og eigarskap. Artikkelen held fram under.

Hyperthermics as

Ideen til Hyperthermics er å bruke ein bakterie som trives med høge temperaturar i anlegg som vinn ut biogass frå nedbryting av biologisk avfall. Hyperthermics sin metode set fart på prosessen og aukar dermed kapasiteten til biogassanlegg.

Gassen kan brukast som energikjelde på lik line med naturgass frå tradisjonell olje- og gassutvinning. Gassen blir rekna som nøytral med omsyn til CO2-utslepp fordi den er basert på biologisk materiale, der gassen inngår i eit  krinslaup og ikkje tilfører atmosfæren meir CO2.

Hyperthermics spring ut av miljøet rundt Natural-gründer Jan Remmereit i Hovdebygda i Ørsta. Selskapet var eitt av selskapa som blei etablert etter at han selde aksjane sine i Natural til Kjell Inge Røkke sitt Aker, i 2006.

Hyperthermicsanlegga er eit tillegg til eit tradisjonelt biogassanlegg. Dei kan både byggast og koblast på eksisterande biogassanlegg, eller byggast samstundes med eit nytt biogassanlegg

Energiselskapet Vardar i Drammen er største eigar, med 21,77 prosent eigarandel.

Halsebakkfamilien sitt investeringsselskap Ronja Capital Investments eig 17,71 prosent og Johan Odvar Odfjells og familie sitt selskap Farvatn Private Equity eig 10,86 prosent.

Remmereitfamilien sitt selskap Life Capitol eig 8,38 prosent, Frode Håkon Kjølås sitt selskap Kjølås Stansekniver eig 4,45 prosent og Peder Stette og familien eig 3,5 prosent gjennom selskapet Stette Invest.

Kapitalutvidingar
Hyperthermics har hatt fleire kapitalutvidingar undervegs. No arbeider selskapet med kapitalutvidinga Hyperthermics håpar skal bli den siste før selskapet byrjar å tene nok til at det går meir pengar inn enn ut av kassa. 

"Det arbeides aktivt med nye investorar som vil sikre driften de neste 12-16 mnd, inntil positiv kontantstrøm fra kommersiell drift er etablert", heiter det i årsmeldinga.

Selskapet går breitt ut, og rettar seg både mot eksisterande og nye aksjonærar ifølgje Bjørkedal. Arbeidet med kapitaltutvdinga er i startfasen, og målet er å hente ein stad mellom 15 og 50 millionar kroner.

Lettare i Tyskland
Biogassmarknaden skil seg frå land til land. Medan det er store selskap som dominerer i Danmark er det mange lokalt eigde biogassanlegg i Tyskland. 

Det gjer kommandolinjene kortare der, og dermed mindre tidkrevjande å få avtalar på plass. I tillegg har også Hyperthemics fire tilsette på forsknings- og utviklingsavdelinga si i Tyskland, ikkje langt unna der det første Hyperthermics-anlegget skal settast, opp ved eit eksisterande biogassanlegg. 

Begge deler er medverkande til at den første kommersielle avtalen er inngått i Tyskland,  ifølgje dagleg leiar Elias Breiteig Liavaag.

Hyperthermics AS  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt10,68,3
Driftsresultat-17,9-24,7
Resultat før skatt-18,3-25,1

Publisert: 28.04.2026 05:00

Sist oppdatert: 28.04.2026 09:57

Mer om