Ingvild Vartdal Runar Nordby Johnsen adviso foto Marius
UROA: Adviso-advokatane Ingvild Vartdal og Runar Nordby Johnsen fortel at fleire oppstartsbedrifter tek kontakt fordi dei er uroa for at rekninga til formuesskatten kan bli for høg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

No ber også gründerar om utflyttingsråd

Ikkje lengre berre dei som allereie har formue, som fryktar skatterekninga.

Marius Rosbach
19.04.2024

Formuesskatt har blitt ei av dei heitaste innanrikspolitiske sakene, og torsdag var Aksjonen for Norsk Eierskap samla til årsmøte og eigarskapsseminar.

Seansen markerte at det er eitt år sidan Knut Flakk og Roger Hofseth starta aksjonen som vil fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.

Bakgrunnen er at «aksjonistane» meiner skatten er skadeleg for næringslivet, og urettvis fordi utanlandske eigarar slepp å betale.

Fleire vil ha råd om utflytting
Adviso-advokatane Ingvild Vartdal og Runar Nordby Johnsen fortalde korleis dei opplever situasjonen.

– Vi har fleire førespurnader frå folk som ber om råd i høve det å flytte ut av landet. Det nye er at det ikkje berre er dei som allereie har ei formue som tek kontakt, men også fleire oppstartsbedrifter, sa Johnsen.

Han fortalde at fleire frykta at selskapet deira ville bli mykje verdt – utan at dei førebels ville tene pengar – og at eigarskattane ville bli eit problem.

– Det har vore skremmande mange førespurnader berre på dette området dei siste vekene, la Vartdal til.

Skeptisk mot eige unntak for gründerar
Johnsen meiner utviklinga kan tyde på at den førespegla exit-skatten som regjeringa har lansert, kan verke mot si hensikt.

– Den er jo meint å skulle få folk til å bli i landet, og ikkje jage dei ut før dei skapar verdiar, sa han.

Adviso-sjef Vartdal meinte at forslag som å gjere unntak frå formuesskatten for gründerbedrifter – som fleire parti inkludert SV har sansen for – kan vere ei dårleg løysing.

– Sjølv om dette isolert sett sjølvsagt ville vere bra for gründerbedriftene, er det fare for at det politiske trykket til å gjere større endringar, då vil sleppe opp, sa ho.

Det trur eg kan vere det verste som skjer, for då vil det politiske trykket til å gjere større endringar, sleppe opp, sa ho.

Knut Flakk Aksjon for Norsk eierskap foto Marius 11
MEDVIND: Knut Flakk fortalde at aksjonen opplever medvind og vil halde fram arbeidet med å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital. Foto: Marius Rosbach

Meiner norske bedrifter blir tappa
Ein omdiskutert rapport frå Frischsenteret og Senter for skatte- og atferdsforskning har tidlegare vist at formuesskatten aukar verdiskapinga.

Det meiner advokatane er stikk motsett av kva næringslivet opplever. Duoen er ikkje i tvil om at formuesskatten gjer at norske bedrifter no blir tappa for meir kapital enn det som er sunt.

Johnsen viste at utrekningar viser at for kvar krone ein eigar må betale i formuesskatt, så må selskapet tene to kroner.

– Er ikkje mot å betale skatt
Undervegs snakka initiativtakarane til aksjonen, Knut Flakk og Roger Hofseth, om kva dei hadde oppnådd med å drive informasjonskampanje for saka det siste året.

– Dei fleste partia begynner å ta innover seg at formuesskatten er øydeleggjande og konkurransevridande – og at den ikkje treff slik politikarane seier ved at den tar frå dei rike, sa Flakk.

Hans forslag er i utgangspunktet å i staden auke selskapsskatten. Samtidig meiner Flakk at det kan vere grunn til å skattlegge privat formue som flotte hytter og fine bilar, hardare enn i dag.

– Eg er ikkje mot å betale skatt, men det må vere på den private delen av formuen, sa han.

Av statens inntekter frå formuesskatten på kring 34 milliardar kroner, er kring 20 milliardar knytt til det som blir omtala som arbeidande kapital – som kan vere både aksjar og andre verdiar i firmaet.

Eg er ikkje mot å betale skatt, men det må vere på den private delen av formuen
Knut Flakk

Fleire parti på gli
Blant dei borgarlege partia har det vore ei forskyving frå å ville redusere skatten – til at fleire no vil fjerne den heilt. MDG har vedtatt at dei vil fjerne formuesskatten på arbeidande kapital, medan både Sp og KrF vil vurdere det same.

Endatil sentrale Ap-politikarar, og leiaren i partiet Raudt i Møre og Romsdal, har sagt seg villige til å diskutere andre innretningar på skatten.

Medvind for sitt syn gjer likevel ikkje at Flakk og Hofseth vil senke innsatsen.

– Det er no vi må gi gass. Det er no det gjeld. Jernet er varmt, og då må vi smi, sa Flakk.

Publisert: 19.04.2024 05:00

Sist oppdatert: 19.04.2024 14:28

Mer om