Nytt
– Ikkje berre bedriftene må tørre å satse
Arbeidslivet på Nordvestlandet har blitt meir ope og mangfaldig, meiner Aleksandra Leikanger. Som tilflyttar frå Polen har ho gode råd til både bedrifter og arbeidssøkande.
Marius Rosbach
31.01.2020
Leiaren i Næringsforeningen Ålesundregionen om at mange arbeidssøkande frå andre stader, fortel at dei ikkje blir kalla inn til intervju til stillingar i regionen, der dei er godt kvalifisert.
Næringslivet på Nordvestlandet har blitt mykje flinkare til å rekruttere breiare dei siste ti åra, meiner Aleksandra Leikanger. I 2010 var ho mellom dei som deltok i prosjektarbeidet «Sunnmøre i Framtida».
– Om ein ser på dei områda som blei påpekt i handlingsplanen, så har ein kome langt. Men kulturreisa er langt frå over for sunnmørske bedrifter, så det er bra at næringsforeningen setter fokus og utfordrar leiarane, seier ho til NETT NO.
Leikanger meiner problemstillinga også har fleire nyanser.
– Det er ikkje berre bedriftene som må tørre satse, men også søkjarsida. Arbeidssøkjar ser saken fra sin eigen subjektive ståsted. Om det er 50 personar som søkjer ei stilling, så veit ein ikkje korleis konkurransen er, og kva bedriften er på jakt etter. Uansett master, eller anna god utdanning, så kan det handle om verdiane til bedriftene, eller korleis ein passar i eit team, utdjupar ho.
– Eg var til dømes kontraktssjef i Ulstein. Tenk det: Ei jente frå Polen, seier ho og meiner skipsbyggjarkonsernet er eit døme på ei bedrift som jobbar bevisst med å satse på kompetanse og rekruttere breitt.
–Eg hadde kollegaer frå alle kantar av verda og andre plassar i Norge. Du blir ikkje berre tilsett, men får vere med på spennande verdiskapende prosjekt på tvers av organisasjonen. Då oppstår positiv energi. Engasjement og variert bakgrunn blir sett på som ein moglegheit, heller enn ein trussel - ein positiv spiral, meiner ho.
Ho kallar det også ei «kulturreise» som ho sjølv har gjort etter universitetssstudiar i Gdansk, via Cambridge og seinare til Norge. Her har ho jobba i store selskap som Saferoad, Ulstein og Havyard.
No er ho tilsett som jurist ved hovudkontoret til Kystverket i Ålesund, og driv eige konsulentfirma.
– Dei same flotte verdiane og engasjementet opplever eg i Kystverket. Eg hadde ingen aning om kva for ei fremtidsretta og dynamisk kompetanseverksemd Kystverket var, då eg takka ja til rolla, fortel ho.
– Kanskje søkjarane heller ikkje klarer å synleggjere at dei faktisk ønskjer å flytte hit og bli verande. Det finnes flere trainee-moglegheiter, og vil ein satse må ein kanskje vurdere å jobbe gratis ei periode for å vise seg fram, meiner ho.
Ein kan også skaffe seg nettverk på andre arenaer, som i idrettslag eller lokalsamfunnet.
– Sunnmøringar sett stor pris på ærleg arbeid. Om ein viser at ein har vilje og er i stand til å gjere ein innsats, skapar det gjerne god energi og blir lagt merke til. Bli med å selje vaflar, stable ved på dugnad, eller ta bilde på kulturarrangement som UKM, seier ho.
– Det kostar å få ein ny medarbeidar om bord. Om ei bedrift skal bruke tid og energi på ein ny tilsett, med den risikoen som ligg i det, så er det mogleg å forstå at trugslane opplevast større en moglegheitene - og at ein går for «det trygge», seier ho.
Ho meiner likevel det er viktig å sjå «bakom» farane, og viser til arbeidet til .
– Berre då kan ein sjå vinstane ved å ta inn fleirkulturelle – som i denne samanhengen ikkje treng vere ein tyskar, men like gjerne ein sogning, seier ho med eit smil.
Mellom måla med prosjektet var:
• Bidra til at Sunnmøre blei ein av dei mest attraktive regionane i landet.• Utvikle eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. • Etablere ein felles bustads- og marknadsregion. • Utvikle sosiale og kulturelle tilbod som ga mangfald av opplevingar.
Monsholm meiner det er vanskeleg å peike direkte på kor prosjektarbeidet deira har bidrege, men konstaterer at mykje av den utviklinga dei ønska seg, har skjedd.
– Eg trur den analysen hadde ein oppdragande og utviklande effekt. Eitt av dei viktigaste måla var at vi skulle samarbeide meir, seier ho.
Arbeidet blei følgt opp via Sunnmøre regionråd, og Monsholm trur det bidrog til at mange kommunar slo seg saman.
– Vi snakka mykje om at ein ikkje skulle slost om dei «små tinga» som badeland, eller fleirbrukshall. Det held å konkurrere med andre regionar, om ein ikkje skal konkurrere med naboen også, seier ho.
Næringslivet på Nordvestlandet har blitt mykje flinkare til å rekruttere breiare dei siste ti åra, meiner Aleksandra Leikanger. I 2010 var ho mellom dei som deltok i prosjektarbeidet «Sunnmøre i Framtida».
– Om ein ser på dei områda som blei påpekt i handlingsplanen, så har ein kome langt. Men kulturreisa er langt frå over for sunnmørske bedrifter, så det er bra at næringsforeningen setter fokus og utfordrar leiarane, seier ho til NETT NO.
Les også:
Leikanger meiner problemstillinga også har fleire nyanser.
– Det er ikkje berre bedriftene som må tørre satse, men også søkjarsida. Arbeidssøkjar ser saken fra sin eigen subjektive ståsted. Om det er 50 personar som søkjer ei stilling, så veit ein ikkje korleis konkurransen er, og kva bedriften er på jakt etter. Uansett master, eller anna god utdanning, så kan det handle om verdiane til bedriftene, eller korleis ein passar i eit team, utdjupar ho.
Kollegaer frå heile verda – i Ulstein
Leikanger trur også det er skilnader mellom ulike bransjar. Sjølv har ho kjent seg godt inkludert – og fått moglegheit til å jobbe med på mykje interessant.– Eg var til dømes kontraktssjef i Ulstein. Tenk det: Ei jente frå Polen, seier ho og meiner skipsbyggjarkonsernet er eit døme på ei bedrift som jobbar bevisst med å satse på kompetanse og rekruttere breitt.
–Eg hadde kollegaer frå alle kantar av verda og andre plassar i Norge. Du blir ikkje berre tilsett, men får vere med på spennande verdiskapende prosjekt på tvers av organisasjonen. Då oppstår positiv energi. Engasjement og variert bakgrunn blir sett på som ein moglegheit, heller enn ein trussel - ein positiv spiral, meiner ho.
Frå Polen, via Cambridge til Nordvestlandet
Så lenge fagkunnskapen, kulturforståinga og viljen til å bidra er på plass, får ein «lov å vere med», meiner Leikanger.Ho kallar det også ei «kulturreise» som ho sjølv har gjort etter universitetssstudiar i Gdansk, via Cambridge og seinare til Norge. Her har ho jobba i store selskap som Saferoad, Ulstein og Havyard.
No er ho tilsett som jurist ved hovudkontoret til Kystverket i Ålesund, og driv eige konsulentfirma.
– Dei same flotte verdiane og engasjementet opplever eg i Kystverket. Eg hadde ingen aning om kva for ei fremtidsretta og dynamisk kompetanseverksemd Kystverket var, då eg takka ja til rolla, fortel ho.
Ulike måtar å vise seg fram på
Leikanger rår arbeidssøkjarar som opplever at dei ikkje når fram, til å vise vilje og interesse til å engasjere seg, gjerne over tid.– Kanskje søkjarane heller ikkje klarer å synleggjere at dei faktisk ønskjer å flytte hit og bli verande. Det finnes flere trainee-moglegheiter, og vil ein satse må ein kanskje vurdere å jobbe gratis ei periode for å vise seg fram, meiner ho.
Ein kan også skaffe seg nettverk på andre arenaer, som i idrettslag eller lokalsamfunnet.
– Sunnmøringar sett stor pris på ærleg arbeid. Om ein viser at ein har vilje og er i stand til å gjere ein innsats, skapar det gjerne god energi og blir lagt merke til. Bli med å selje vaflar, stable ved på dugnad, eller ta bilde på kulturarrangement som UKM, seier ho.
Små bedrifter meir sårbare
Samtidig kan Leikanger forstå at mindre bedrifter kan vere meir sårbare, enn større. Det praktiske med ein tilsettingsprosess kan vere krevjande for mange firma – til dømes reiseutgifter til å gjennomføre intervju.– Det kostar å få ein ny medarbeidar om bord. Om ei bedrift skal bruke tid og energi på ein ny tilsett, med den risikoen som ligg i det, så er det mogleg å forstå at trugslane opplevast større en moglegheitene - og at ein går for «det trygge», seier ho.
Ho meiner likevel det er viktig å sjå «bakom» farane, og viser til arbeidet til .
– Berre då kan ein sjå vinstane ved å ta inn fleirkulturelle – som i denne samanhengen ikkje treng vere ein tyskar, men like gjerne ein sogning, seier ho med eit smil.
Les også:
Trur prosjektarbeid har påverka
Reidun Monsholm som leia prosjektet «Sunnmøre i Framtida», er samd med Leikanger i at mykje positivt har skjedd dei siste åra.Mellom måla med prosjektet var:
• Bidra til at Sunnmøre blei ein av dei mest attraktive regionane i landet.• Utvikle eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. • Etablere ein felles bustads- og marknadsregion. • Utvikle sosiale og kulturelle tilbod som ga mangfald av opplevingar.
Monsholm meiner det er vanskeleg å peike direkte på kor prosjektarbeidet deira har bidrege, men konstaterer at mykje av den utviklinga dei ønska seg, har skjedd.
– Eg trur den analysen hadde ein oppdragande og utviklande effekt. Eitt av dei viktigaste måla var at vi skulle samarbeide meir, seier ho.
Arbeidet blei følgt opp via Sunnmøre regionråd, og Monsholm trur det bidrog til at mange kommunar slo seg saman.
– Vi snakka mykje om at ein ikkje skulle slost om dei «små tinga» som badeland, eller fleirbrukshall. Det held å konkurrere med andre regionar, om ein ikkje skal konkurrere med naboen også, seier ho.
Les også:
Om ein viser at ein har vilje og er i stand til å gjere ein innsats, skapar det gjerne god energi og blir lagt merke til. Bli med å selje vaflar, stable ved på dugnad, eller ta bilde på kulturarrangement som UKM
Publisert: 31.01.2020 11:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51