20220318 112054
FOSNAVÅG: Stor omsetningsvekst for Marit Søvik, Bjørn Otterlei, Anders Per Vågsholm og Sara Ytrebø Rødset i Polar Seafrozen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Ikkje berre bra med så stor prisauke på fisk

Fiskeprisane har gått til vêrs etter invasjonen av Ukraina. Det er ikkje berre bra.

21.03.2022

- Ein ting er at ein slik stor auke på fisk kan føre til at forbrukarane endrar kjøpsvaner om andre produkt vert relativt sett billegare.

- Noko anna er at mange av våre kundar slit med innteninga med dagens prisnivå ettersom dei har forplikta seg til store leveransar til supermarknadskjeder og andre aktørar langt fram i tid.

Det seier Bjørn Otterlei og Anders Per Vågsholm i Polar Seafrozen i Fosnavåg.

Selskapet feirar i år tiårsjubiluem, og kan samstundes leggje fram gode tal.

Omsetninga i fjor enda på 440,1 millionar kroner, 140 millionar meir enn året før. Resultatet før skatt vart på 8,0 millionar kroner, opp frå 5,4 millionar i 2020.

Og det stoppar ikkje det.

- Vi har ein betydeleg vekst hittil i år.

Polar Seafrozen
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 440,1 299,4
Driftsresultat 9,5 7,4
Resultat før skatt 8 5,4

Har kjøpt ut aksjonærar
Otterlei eig 32 prosent av selskapet, medan Vågsholm eig 34 prosent etter at fleire andre aksjonærar er kjøpt ut. 34 prosent eig også den kinesiske partnaren Sophie Wang, som har base i Esbjerg.

- Endringa gjer at det vert lettare å gripe nye mulegheiter som måtte dukke opp, fastslår Otterlei og Vågsholm.

Rekordprisar
Herøy-selskapet satsar på kvitfisk og skaldyr, og hadde over 300 millionar kroner av omsetninga i Europa i fjor, det meste utanfor Norge. Satsinga på Europa held fram, og norskfanga kvitfisk er no høgt ettertrakta etter at mange vegrar seg mot å kjøpe russisk fisk.

- Det er ikkje forbod mot å kjøpe russisk fisk, men mange er avventande. Dette har ført til stor prisauke på norske fiskeprodukt, ikkje minst norsk torsk, seier Vågsholm.

Han opplyser at det nyleg vart kjøpt norskfanga hovudkappa tråltorsk i størrelse 1,0-2,5 kilo til 49,25 kroner kiloen.

- Berre for eitt år sidan var prisen over ti kroner lavare.

Britisk vegring
Han merkar godt at blant anna britiske aktørar vegrar seg mot å kjøpe russisk torsk.

- Dette gjer at etterspørselen aukar for fisk frå Norge, Island og Færøyane.

Polar Seafrozen hadde i utgangspunktet også store ambisjonar på sal til Asia, men i fjor stoppa salet på vel 40 millionar.

Kinesiske utfordringar
Bjørn Otterlei trur på auke her på sikt. Han trur også at det vert mindre bearbeiding i Kina av norske produkt, men ikkje heilt slutt.

- For det første har logistikken vorte mykje dyrare. Tek lenger tid med transport, og det er periodevis stor kontainermangel.

- Det har også vorte dyrare å sende ut varer frå Kina, og kinesiske produkt har vorte mindre konkurransedyktige.

Dei auka kostandene har ført til at det har vorte meir lukrativt å ha kort avstand frå båt til marknad.

- Men vi har framleis god tru på eksport av varer til konsum i Kina, som blåkveite og ulike typar skaldyr.

Det er ikkje forbod mot å kjøpe russisk fisk, men mange er avventande
Anders Per Vågsholm

Remøy havfiske-samarbeid
Polar Seafrozen har ein stab på seks tilsette.

- Vi er eit godt samansveisa lag, seier Vågsholm.

Selskapet har også ei rekke faste seljarar og kjøparar av fisk.

- Lokalt har vi blant anna eit godt samarbeide med Remøy havfiske, seier Otterlei.

Ute frå Russland
Selskapet har ikkje seld fisk til Russland, ei heller til Kviterussland og Ukraina.

- For dei aller fleste har Russland vore stengt for norske aktørar sidan 2014.

Polar Seafrozen har ein samla eigenkapital på 13,9 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.

- Vi har klart oss bra i desse ti første åra. 2022 ser også bra ut, og vi har ambisjonar også vidare framover, seier Otterlei og Vågsholm.

Publisert: 21.03.2022 05:30

Sist oppdatert: 27.03.2024 11:07

Mer om