Jenny + SV = Sant
Alfred Bjørlo (V) ber Jenny Klinge og Senterpartiet slutte å velje SV som besteven i skattepolitikken.
Senterpartiets Jenny Klinge skriv i Nett.no 17/3 at «Formuesskatten må ned». Ho seier i innlegget mykje fornuftig om korleis høg formuesskatt på arbeidande kapital går ut over verdiskaping og arbeidsplassar, særleg på Vestlandet.
Problemet er at det Jenny Klinge her seier, er det motsette av det Senterpartiet gjer når det no styrer landet. Sidan Senterpartiet kom i regjering hausten 2021, har skattebyrden for næringslivet blitt skrudd opp gong etter gong. Og skatteauken har gått aller hardast ut over dei bedriftene som har norske, lokale eigarar – slik som det aller meste av næringslivet på Sunnmøre.
Det er ikkje for ingenting at næringslivet på Sunnmøre og Vestlandet elles no gjer opprør mot Senterpartiet sitt regjeringsprosjekt – med SV som fast støttehjul på Stortinget.
Det er sjølvsagt prisverdig at Jenny Klinge og Møre og Romsdal Senterparti prøvde å stoppe denne galskapen på Senterpartiet sitt landsmøte i helga, med å foreslå lågare formuesskatt på arbeidande kapital. Men no er helga over, og vi veit fasiten: Jenny Klinge fekk ikkje støtte av Senterpartiet sitt landsmøte.
Samtidig har Senterpartiet sitt samarbeidsparti SV fått ein ny partileiar som i si opningstale gjekk til eit voldsomt angrep på norsk næringsliv, og varsla ytterlegare skatteskjerpingar for Vestlands-bedriftene i åra framover.
For Venstre er denne situasjonen heilt uhaldbar. Venstre vil ha lågare skatt på norske bedrifter og norsk verdiskaping. Det handlar om å sikre arbeidsplassar, og om å sikre vekst og utvikling i distrikts-Noreg.
Venstre samarbeider gjerne med Jenny Klinge og Senterpartiet om å redde norsk eigarskap i næringslivet. Men då må Senterpartiet slutte å velje SV som bestevenn og samarbeidspartner i utforminga av skattepolitikken. Per i dag er ei røyst på Senterpartiet ei røyst på at SV har handa på rattet i skatte- og næringspolitikken. Det går ikkje, og det har veljarane på Vestlandet skjønt.
av stortingsrepresentant Alfred Bjørlo i Venstre
Publisert: 20.03.2023 06:47
Sist oppdatert: 20.03.2023 08:24