Jenny Klinge foto Sp
VIL ENDRE FORMUESSKATTEN: Det har vist seg vanskeleg å finne gode modellar for å senke formuesskatten på det som blir omtala som arbeidande kapital, påpeiker Jenny Klinge (Sp) i dette innlegget. Saka blir diskutert på landsmøtet til partiet i helga. Foto: Senterpartiet
Synspunkt

Formuesskatt til bry for bedriftene

Formueskatten på arbeidande kapital bør ned, skriv Jenny Klinge (Sp). I helga blir saka diskutert på landsmøtet.

17.03.2023

På landsmøtet til Senterpartiet er skatt oppe til debatt. Vi i delegasjonen frå Møre og Romsdal er tydelege på at formueskatt på arbeidande kapital rammar verdiskaping og jobbskaping rundt om i heile landet, og at vi ikkje kan halde fram med å auke denne. Tvert imot meiner vi den bør ned.

I debatten om skatt og formuesskatt høyrer ein ofte utsegner som at «rikingane må ikkje sleppe unna» eller også «rikingane skal flås». Dette er fordummande og polariserande retorikk som ikkje tener til noko godt.

Heldigvis er tilliten framleis høg mellom arbeidsgivar- og arbeidstakarsida, Det bidreg til verdiskaping og dermed god velferd. Dette må vi ta vare på. Vi må ikkje uthule det med utsegner om såkalla rikingar som faktisk treffer dårleg for svært mange av dei bedriftseigarane som finst utover i det langstrakte landet vårt.

Det som sjeldan kjem fram i debatten er nemleg kva for ei formue bedriftseigarar eigentleg betaler formuesskatt for. Som bedriftseigarar betaler dei skatt av den verdien som ligg i utstyr bedrifta deira allereie har investert i og betalt for, slikt utstyr som held folk i arbeid. Som fiskeforedlingsmaskina, lastebilen, fabrikklokala eller ofte også varelageret.

For å kunne betale denne skatten, må mange ta ut utbytte frå eiga bedrift, fordi løna dei tek ut som privatpersonar sjeldan kan dekke formuesskatten dei må betale - for verdiar bedrifta har investert i og eig. Problemet er berre at formuesskatt må betalast uavhengig av om bedrifta går med overskot eller ikkje.

Så går bedrifta med underskot, og tek du ut pengar for å betale formuesskatten då, tappar det bedrifta for midlar den har på bedriftskontoen (altså likviditetsreserven). Ein kan ende opp med å måtte låne pengar til å betale skatten. Endå ein kompliserande faktor er at det berre er norske eigarar som må betale formuesskatt, medan utanlandske eigarar av bedrifter som ligg i Norge slepp dette.

Eg er ikkje mot formuesskatt. Tvert imot meiner eg denne skatten bør vera ein del av eit heilskapleg skattesystem som sikrar at folk kan yte etter evne og få etter behov. Men eg meiner bestemt at formuesskatt på arbeidande kapital, altså den kapitalen, utstyret, lokala og maskinene i bedrifta som bidreg til å halde folk i arbeid, ikkje må skattast for mykje.

Vi i Senterpartiet har leita etter brukande modellar for å skjerme denne kapitalen frå skattlegging, men det framstår som teknisk vanskeleg. Så langt har det heller ikkje vore særleg politisk vilje hos fleirtalet på Stortinget til å finne løysingar.

Vi må i det minste sørge for å halde skatten på eit nivå som er handterleg for den enkelte bedriftseigar og bedrift og som ikkje skaper urimeleg dårlege vilkår for bedrifter som har lokale og nasjonale eigarar.

For nettopp lokalt og nasjonalt eigarskap er eit viktig mål for oss i Senterpartiet. Eit nødvendig tvisyn kring problematikken formuesskatt og dermed balansert skattlegging er viktig for å sikre eit sterkt norsk næringsliv og dermed norske arbeidsplassar.

av Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet i næringskomiteen

Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Ler meir om formuesskatt under:

Publisert: 17.03.2023 08:24

Sist oppdatert: 17.03.2023 08:42

Mer om