Ikkje grunnrenteskatt i denne perioden
Regjeringa vil ha ringverknadar, ikkje grunnrenteskatt.
Til skilnad frå førre regjering ser dagens regjering på fiskeripolitikk også som distriktspolitikk, sa fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran på årsmøtet i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt i dag.
Fiskerbåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten.
Det regjeringsoppnemde Skattelovutvalet kom med si utgreiing før jul i 2022. Mellom framlegga er grunnrenteskatt også på fiskeri, slik regjeringa har foreslått for oppdrettsselskapa.
Vil ha distriktsutbygging
Grunnrenteskatt er skatt på retten til å hauste av felles naturressursar, men ein slik skatt er ikkje aktuell i denne stortingsperioden, sa Skjæran. Han gikk også langt i å seie at det ikkje er eit mål seinare heller.
-Grunnrenta skal takast ut i distriktsutbygging, sa Skjæran.
Meir bearbeiding
Ein måte denne distriktsutbygging skal skje på er å bidra til at meir av fangsten til norske fiskarar blir bearbeidd i Noreg i staden for i foredlingsbedrifter i utlandet.
Då Skjæran vart fiskeri- og havminister hausten 2021 sa han at han rekna med å legge fram ei ny kvotemelding før jul 2022. Den tidsplanen er endra til at kvotemeldinga "kjem når den kjem".
Kvotemeldingsa skal mellom anna innehalde forslag om fordeling av kvotar mellom ulike grupper fiskarar og reglar for korleis kvotane skal fordelast ved kjøp og sal av båt og kvotar og ved samling av større kvotar på færre båtar.
Publisert: 14.02.2023 14:47
Sist oppdatert: 14.02.2023 14:46