Industrien forsoemte produksjonen
DOBBEL SMART: Det er ikkje nok å produsere smarte ting, dei må produserast smart også - og der har industrien forsømt seg, meiner styreleiar i Norsk Industri, Kjersti Kleven.
Nytt

Industrien forsømte produksjonen

På 2000-tallet tenkte industrien produktutvikling og forsømte produksjonsutvikling. Det får vi svi for no.

04.02.2014
- I ein del år levde vi i den villfaringa vi berre skulle utvikle produkt, seier Kjersti Kleven. Ho er styreleiar i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri og i Kleven Maritime.
Tidlegare har ho åtvara mot den negative utviklinga i produktiviteten i norsk industri.
Kostnadane, mellom anna lønsnivået, har auka raskare enn industrien har klart å effektivisere produksjonen. Resultatet er tapt konkurranseevne mot utanlandske konkurrentar.

Smart produksjon

- På innovasjon hadde vi lenge merksemda retta mot produktinnovasjon, seier Kleven.
Det gjeld heile verkemiddelapparatet frå avskrivingssatsar til FoU-miljøa. Dei industribedriftene som har vore lengst framme i moderne produksjonsmetorar, har ofte gjort sine investeringar meir på trass av, enn på grunn av oppmuntring utanfrå, meiner ho.
Først dei siste åra har industrien igjen blitt meir oppteken av - og fått honnør for - å produsere smart, ikkje berre produsere smarte ting.
- Berre dei siste to åra har det skjedd ei haldningsendring; både i merksemda frå politisk hald, fagmiljø og media, seier Kleven.
Det handlar mellom anna om å erkjenne at å arbeide med korleis ting blir gjort også er innovasjon.
- Det er eit høgkompetanse-arbeid å produsere på ein intelligent måte, seier Kleven.

Ti år borte

Kleven meiner fagmiljøa forsømte seg gjennom heile 2000-talet. Det kan hende tanken om at vi hadde så høgt kostnadsnivå at produksjon i Noreg ikkje hadde ei framtid beit seg fast, og påverka tenkemåten, trur ho.
- På 2000-talet var vi nesten berre opptekne av produkt, og ikkje produksjon, seier ho.

Må sjå to-talet

Sjølv om ho kritiserer sine eigne, så meiner ikkje Kleven at industrien kan løyse problemet med fallande produktivitet på eiga hand.
I dag, tysdag 4. februar la Norsk Industri fram sin årlege konjunkturapport (sjå faktaboks og relaterte saker). På pressekonferansen åtvara administrerande direktør Stein Lier-Hansen om at lønsauken må halde seg under tre prosent i år. Kleven er samd.
- Vi står føre eit lønsoppgjer som må gi ei moderat lønsutvikling, seier ho.
Og det er den konkurranseutsette delen av industrien som må legge lista for lønsoppgjeret.
- Det er ein viktig modell, seier Kleven.
Det er eit høgkompetanse-arbeid å produsere på ein intelligent måte

Publisert: 04.02.2014 17:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31