Mathias Sandnes Foto GJ Machine 11
NY SJEF: Mathias Sandnes tok over jobben som dagleg leiar i GJ Machine i haust. No siktar selskapet mot auka omsetning og bemanning. Foto: GJ Machine
Nytt

Inn i ny vekstfase - har tilsett sju nye siste halvår

Skodje-bedrift med ny dagleg leiar og skal rekruttere fleire.

Marius Rosbach
22.02.2023

GJ Machine har tilsett fleire nye og fått ny sjef det siste halvåret. Mathias Sandnes tok over sjefsstolen i GJ Machine 1. september og fekk nyleg på plass Arnt Olav Aarseth som ny salssjef.

– Sidan september har vi tilsett sju nye, og den neste startar ved månadsskiftet, fortel Sandnes til NETT NO.

Sidan september har vi tilsett sju nye, og den neste startar ved månadsskiftet
Mathias Sandnes

Oppe i 20 tilsette og skal bli fleire
Nytilsettingane gjer at bedrifta no er oppe i 20 tilsette, og dei er framleis på jakt etter fleire.

For tida er det lyst ut stillingar som automasjonsingeniør og automatikar/serviceteknikar. Dei ønsker også nye lærlingar velkomne.

Sandnes fortel at det framleis er utfordrande å rekruttere fagfolk, spesielt innan automasjon.

Gj machine gruppebilde 2023 11
ER BLITT FLEIRE: Tilsette i GJ Machine samla. Frå venstre bak: Martin Blom, Arnt Olav Aarseth, Borgar Sandtorv Kleiva, Sverre Moldskred Molnes, Mathias Sandnes, Krzysztof Rozek, Ståle Kvam og Dennis Luck. Frå venstre framme: Markku Valle, Jeanette Johnsen, Frank Vistven, Ole Ronny Kvalsvik og Thor Egil Sperre. Ikkje til stades då bildet blei teke: Gunnar Johnsen, Andreas Luther, Oddfinn Barmen, Øyvind Gjendem og Magnus Nårstad. Foto: GJ Machine

Fekk inn nye eigarar i fjor
Den nye GJ Machine-sjefen er kome inn i eit selskap som har teke fleire steg for å rigge seg til meir industriell vekst. I 2021 kom Rogalands-baserte Trolltunga Robotics inn som majoritetseigar i selskapet, etter å ha investert tungt i sunnmørsverksemda.

– Det betyr at vi har fått inn kapitalsterke eigarar og blitt del av eit konsern med mykje kompetanse på området, og som vil vere med å bygge selskapet vidare, seier Sandnes.

- Fleire spennande prosjekt på gong
Mykje av leveransane til robotiseringsekspertane dei siste åra, har vore prototypearbeid. No er det avgjerande å utnytte potensialet fra desse tidligere leveransane, og få betalt for utviklingsarbeidet.

– Vi har fleire spennande prosjekt på gong, ikkje minst til kundar vi har levert til tidlegare. Vi har sikra oss tre slike kontakter dei siste månadene, legg han til.

Ein del av jobben til den nytilsette salssjefen blir å bidra til ein jamnare ordreinngang.

Godt med arbeid til hausten
Sandnes fortel at GJ Machine har godt med arbeid fram til hausten, etter at fjoråret var prega av meir rolege periodar.

Det siste offentlege rekneskapet frå 2021 viser ei omsetning på drygt 32 millionar kroner – om
lag ei femdobling sidan 2017, då omsetninga var på 6,5 millionar.

Mathias Sandnes fortel at omsetninga for GJ Machine i fjor enda på nivå med 2021, og at dei seier seg nøgd med det situasjonen teke i betraktning.

Gründer Gunnar Jonhsen fortalde til NETT NO i fjor sommar at 2022 var eit spesielt år. Etter at koronapandemien slapp taket, kom Ukraina-krigen og gjorde at fleire kundar ville vente med å investere.

Publisert: 22.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.02.2023 22:23

Mer om