Innovasjon Noreg held paa distriktskontora
KUTTAR IKKJE KONTOR: Innovasjon Noreg-sjef Anita Krohn Traaseth får kutta budsjettet med 107 millionar kroner, men vil ikke legge ned distriktskontor.
Nytt

Innovasjon Noreg held på distriktskontora

Innovasjon Noreg har kutta budsjettet for 2015 med 107 millionar, men selskapet skal ikkje leggja nokon distriktskontor.

Administrator
28.02.2015
NPK/NETT NO: Administrerande direktør Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Noreg seier at selskapet er svært opptekne av å sikra relevant og spesialisert nærleik til kundane i dei nitten fylkeskommunane i landet.
– Dette krev eit meir strategisk, tettare og aktivt samarbeid med aktørane i regionen, seier ho.
Krohn Traaseth legg ikkje skjul på at nedskjeringane på 107 millionar blir krevjande.
– Det betyr at vi, som dei fleste norske selskap, må gjera meir med mindre ressursar, seier ho.

Kuttar bemanning

42 prosent av kostnadskutta er knytt til nedbemanning og omfattar 60– 70 årsverk.
– Vi går mot ein krevjande vår i Innovasjon Noreg, men slik eg vurderer forbetringane til selskapet dei siste fem månadene, omstillingsevna- og viljen til dei tilsette, samarbeidet med styret og tillitsvalde, er vi godt skodde til å gå saman vidare i ein krevjande, men heilt nødvendig omstillingsprosess for å sikra og auka rolla til Innovasjon Noreg i omstilling av norsk økonomi, seier Krohn Traaseth.

Ut av kontor

Då Krohn Traaseth møtte næringslivet på Nordvestlandet i oktober 2014 sa ho at ho ikkje var oppteken av å legge ned kontor eller ei, men å få saksbehandlarane ut av kontora og inn til kundane.

Ho ville ha nye rutiner og system, slik at kundane kan spare tid ved å gjere meir av arbeidet sjølve over nett, og dermed frigjere tid slik at saksbehandlarane kan kome seg ut av kontora.

Publisert: 28.02.2015 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41