Oyvind torlen jets foto marius
NYTT REKORDÅR i 2023: Vekst innan alle forretningsområda, er status etter fjoråret, fortel Jets-sjef Øyvind Tørlen. Konsernet med hovudkontor på Hareid la bak seg eit nytt rekordår og har hatt ein god start på 2024. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Inntektene og lønnsemda peika rett opp

– Eventyrleg god, seier Jets-sjefen om starten på 2024 - etter å ha lagt bak seg nytt rekordår.

Marius Rosbach
11.03.2024

At Jets har lagt bak seg eit nytt rekordår med sterk vekst byrjar nærast bli ein tradisjon for Hareid-konsernet.

2023 vart ikkje noko unntak og omsetninga gjorde eit nytt hopp til 717 millionar kroner. Det er ei auke på kring 25 prosent samanlikna med året før.

Driftsresultatet gjorde eit endå større byks, og gjekk frå i underkant av 100 millionar til 170 millionar kroner.

2024: – Starten har vore veldig bra
Som om ikkje det var nok: – Ordreinngangen hittil i år har vore eventyrleg god – over heile linja, seier administrerande direktør Øyvind Tørlen i Jets til NETT NO.

Han påpeiker at det er for tidleg å allereie no seie korleis året blir.

– Men starten har vore veldig bra, legg Tørlen til.

Ny løysingar til alt frå supermarknader, mobile anlegg, næringsbygg, hytter og småhus, har vore vekstmarknader for konsernet dei siste åra, i tillegg til den maritime bransjen.

Jets mobilt toalett foto jets 11
MOBIL VEKST: Toalettar til festivalar er mellom marknadene i vekst for Jets. Også mobile løysingar til katastrofeområder og militære formål er meir etterspurt. Foto: Jets

Høgkonjunktur på cruise
Maritime sanitærløysingar er framleis det største forretningsområde i Jets-konsernet når ein inkluderer ettermarknaden. På nysal er landdelen blitt størst.

Tørlen fortel at cruisemarknaden no er tilbake om lag som normalt, etter nokre år med slappare ordre frå denne delen av den maritime bransjen.

– Cruise for oss er inne i ein høgkonjunktur. Vi har ein rekke cruisekontraktar som både er signert og på gong, samtidig har vi høg aktivitet på ettermarknaden i dette segmentet som er viktig for oss, legg han til.

Allereie i år er det skrive cruisekontraktar for fleire titals millionar – noko Tørlen fortel er ein god start.

– Spesiell sterk vekst på mobile løysingar
Veksten i fjor kom på alle forretningsområda, ifølgje Tørlen.

– Og vi har spesiell sterk vekst på mobile løysingar, som bidrog veldig godt. Men i hovudsak er framgang innan alle område, seier han.

Jets er også mellom bedriftene som blir påverka positivt av svak kronekurs ved at dei får godt betalt for varene sine ute i verda.

– Det gir ei lønnsemd som er utover det normale, seier Tørlen om det gode 2023-resultatet.

Publisert: 11.03.2024 15:40

Sist oppdatert: 11.03.2024 15:45

Mer om