Jets Øyvind Tørlen Foto Ogne Marius 11
REKORDÅR: Jets-sjef kan konstatere at Hareid-konsernet la bak seg eit nytt år med rekordhøg omsetning og lønnsemd i fjor. Foto: Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Nytt

Jets: – Det beste året nokon sinne

Hareid-bedrifta med sitt mest lønnsame år. Auka inntektene med over 100 millionar.

Marius Rosbach
13.01.2023

Administrerande direktør Øyvind Tørlen i Jets-konsernet fortel at omsetninga i fjor enda på nesten 570 millionar kroner. Det er ei auke på kring 26 prosent – og meir enn 100 millionar opp frå 2021.

– Marknaden for mobile løysingar har auka kraftig. Samtidig har vi hatt ei veldig positiv utvikling i ettermarknaden og nokre skipssegment, seier han til NETT NO om dei fremste drivarane bak dei rekordhøge inntektene.

Rekneskapen er ikkje klar på ei stund enno, men Jets-sjefen kan fortelje at også overskotet vil vere på rekordnivå.

– Vi veit at resultatet blir bra – og at 2022 vart det beste året nokon sinne, seier han.

Kraftig vekst på mobile løysingar
Etter å ha vore på eit beskjedent nivå over nokre år, har interessa for mobile toalett skutt i veret. Dei siste par åra er omsetninga i denne marknaden tredobla, og hamna i fjor på meir enn 80 millionar kroner.

– Vår teknologi har funne «nye vennar» i store selskap som ser mulegheiter for våre produkt. Vi opplever vekst innan festivalar, forsvar og ulike katastrofesituasjonar, fortel Tørlen.

Vakuumtoaletta til Hareid-bedrifta har mellom anna vore teke i bruk i arbeidet med grensekontroll mellom USA og Mexico.

Jets mobilt toalett montasje foto jets 11
MOBIL VEKST: Toalettar til festivalar er mellom marknadene i vekst for Jets. Også mobile løysingar til katastrofeområder og militære formål er meir etterspurt. Foto: Jets

Store leveransar til cruise og forsvar
Salet til den maritime marknaden er framleis desidert størst når ein reknar med ettermarknaden.

– Det har gått veldig bra i dei maritime segmenta, og vi har store leveransar til mellom anna cruise og forsvarsskip. Det siste har naturleg nok bakgrunn i auka spenning og usikkerheit i verda, legg han til.

Konsernet leverer framleis på «gamle» ordrar til cruise, men Tørlen fortel at dei ser nye meglegheiter etter pandemien også her.

– Vi opplever absolutt interesse for nye cruiseskip, seier han.

Jets cruiseskip foto jets 11
MEIR INTERESSE: Jets har levert tusenvis av vakuumtoalett til cruiseskip. Etter at det har vore tørke i marknaden for bygging av nye skip, merkar no Jets meir interesse. Foto: Jets

Prestisjeoppdrag til London-kontor
Leveransane til bygningar er framleis på eit relativt lågt nivå. Tørlen fortel at dei jobbar langsiktig på dette feltet.

– Marknaden må modnast, og kanskje våre løysingar også. Men først og fremst må det inn ein anna og meir berekraftig måte å tenke på i marknaden, seier han.

Leveransen til hovudkontoret til Bloomberg-konsernet i London har vore mellom dei mest prestisjefylte oppdraga på land dei siste åra. Her blir regnvatnet samla på taket, og det nok til å drifta alle toaletta i bygget - som følge av den låge vassforbruken i desse.

– Ein bruker langt mindre vatn og ein slepp å bruke reinsa drikkevatn, fortel Tørlen.

Land som Brasil og Israel, der vatn er ein knapp ressurs -- og gjerne kostbart, er der Jets opplever størst interesse for løysingar til bygg.

Jets Bloomberg Nigel Young Foster Partners Foto 11
PRESTISJEOPPDRAG: Jets ser langsiktige vekstmulegheiter i byggmarknaden. Oppdraget med å levere toalett til Bloomberg-konsernet sitt hovudkontor i London, kan opne dører. Foto: Nigel Young/Foster + Partners
Har vekse ut av lokala
Rekordaktiviteten gjer også at talet på tilsette har auka i løpet av det siste året. Per i dag er dei kring 130 tilsette til saman på Hareid.

– Vi har auka talet på tilsette ein god del på Hareid. Difor har vi óg vore nøyd til å sette opp ein midlertidig brakkerigg, seier han.

På sikt må dei finne permanente kontorplassar i form av ei utviding av areal.

Publisert: 13.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 12.01.2023 23:30

Mer om