Jets Øyvind Tørlen Foto Ogne Marius 11
REKORDÅR: Konsernsjef Øyvind Tørlen i Jets-konsernet som la bak seg eit nytt toppår i fjor med rekordhøg omsetning og lønnsemd. Foto: Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Nytt

Kjempeutbytte og rekordår for Jets

Betalte ut solid gevinst til eigarane og leverte nytt toppår. 2023 ligg an til å bli endå betre, ifølgje Jets-sjefen.

Marius Rosbach
08.08.2023

NETT NO kunne allereie i januar fortelje at Jets hadde levert sitt beste år nokon sinne i fjor med rekordoverskot frå ei omsetning på kring 570 millionar.

Jets-sjef Øyvind Tørlen fortalte at marknaden for mobile løysingar auka kraftig. Samtidig hadde dei veldig positiv utvikling i ettermarknaden og nokre skipssegment.

Årsmeldinga som no er offentleg viser at resultatet før skatt for første gong bikka over 100 millionar – og enda på 107 millionar kroner (sjå tabell).

Konsernet leverte sitt beste resultat noensinne, påpeiker styret i årsmeldinga for 2022.

No kan Tørlen samtidig fortelje til NETT NO at 2023 ser ut til å endå betre enn fjoråret – både når det gjeld omsetning og resultat.

Jets Aa (konsern)
Årsresultat (i mill kr)
20222021
Driftsinntekter571,7457,6
Driftsresultat97,575,8
Res. før skatt107,172,9

Utbetalte 275 millionar
Årsmeldinga viser samtidig at det er teke ut rekordstort utbytte. I løpet av fjoråret blei det betalt utbytte på 275 millionar kroner etter fleire år med superresultat.

Ifølgje årsmeldinga for 2022 er det sett av nye drygt 83 millionar i utbytte etter fjoråret.

Konsernsjef Øyvind Tørlen fortel til NETT NO at utbetalingane er eit grep for å normalisere kapitalstrukturen i konsernet.

– Jets var eit gjeldsfritt konsern og hadde samtidig mykje kontantar på bok som stod i banken og ikkje gjorde noko «nytte for seg». Det er meir fornuftig at aksjonærane kan investere pengane slik dei finner det for godt, i staden for at vi skal låse dei inne på ein bankkonto, fortel han.

Stokke Industrier største eigar
Stokke Industri er største eigar i Jets-konsernet med 72,9 prosent av aksjane. Øvsthus As er nest største eigar med 15 prosent av aksjane, medan Hagard As er tredje størst med fem prosent av aksjane i konsernet.

Eigenkapitalen i konsernet var ved utløpet av 2022 på knappe 175 millionar. På same tidspunkt var langsiktig gjeld på om lag 19,5 millionar kroner.

Jets hadde 191 tilsette ved utgangen av fjoråret, drygt 15 fleire enn eitt år tidlegare. Om lag to tredelar av arbeidsstokken er menn.

Ventar vekst og marginpress
Maritime sanitærløysingar utgjorde kring 70 prosent av omsetninga i Jets-konsernet fjor. Samtidig leverte dei nye produkt både til den maritime og mobile marknaden, som markerte viktige milepålar for vidare vekst, skriv styret.

Selskapet opplevde utfordringar med dei globale forsyningskjedene og prisauke på råvarer. Konsernet har klart å levere på tid til kundane, som følgje av større varelager.

Dei ventar at prispresset på råvarer slakkar av i 2023, men det er grunn til å tru at høg inflasjon og risiko for global økonomisk nedgang, vil auke presset på marginane i år.

Usikkerheit knytt til skipsbygging
Jets-styret skriv at det er usikkerheit kring skipsbygging for komande år, men det har god erfaring frå ettermarknaden, og vil jobbe for å få vekst gjennom heile livsløpet til skipa.

Ny løysingar til supermarknader, mobile anlegg, næringsbygg, hytter og småhus, gjer at konsernet ventar ny vekst i 2023. Landmarknaden er vente å vere den største drivaren for nysalet.

Konsernet er også i gong med å skrifte ERP-system, og dette vil gå føre seg heile 2023. Samtidig som det er ei stor investering og krev endring i arbeidsprosessar, er det ein grunnstein for vidare vekst, skriv styret i årsmeldinga.

Publisert: 08.08.2023 12:38

Sist oppdatert: 08.08.2023 12:41

Mer om