Skaparhuset Hogne Hallaråker Foto Marius Rosbach 11
MØTTE ØRSTA-GRÜNDER: Her møter leiarstudentane frå handelshøgskulen Arctioc Bioscience-gründer Hogne Hallaråker for første gong. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lokale vekstbedrifter inspirerte leiarstudentar

Leiarutdanning frå Handelshøgskulen la si første «distriktssamling» til Sunnmøre. Neste stopp er Singapore.

Marius Rosbach
16.01.2023

Leiarstudentar frå Norges Handelshøyskole fekk førre veke lære strategi på ei samling i Ulsteinvik. Samtidig fekk dei lokale bedriftene Arctic Bioscience, Prodtex og Jets-konsernet innspel til korleis dei kan bli betre.

Organisasjonsdirektør Olav Hypher i NRK var mellom deltakarane. NETT NO møtte ein entusiastisk leiarstudent etter at han har fått høyre Arctic Bioscience-gründer Hogne Hallaråker fortelje om Ørsta-bedrifta si satsing mot legemiddelmarknaden.

– Eg blir slått av - og inspirert av - at det er så kunnskapsbasert, og samtidig kopla til nokre velkjente norske fordelar som havet og kysten, og den merkevara det representerer, seier Hypher.

– Det starta med at ein marinbiolog tenkte noko smart om nokre molekyl for mange år sidan. Så har dei med tolmod og hjelp av fleire, klart å bygge noko som ser ut til å bli ei veldig spennande verdiskapingsforteljing, legg han til om førsteinntrykket av Ørsta-bedrifta.

Skaparhuset Olav Hypher Foto Marius Rosbach 11
STORT UTBYTTE: Organisasjonsdirektør Olav Hypher i NRK meiner han har mykje utbytte av leiarutdanning oga vart inspirert av møte med sunnmørsbedriftene. Foto: Marius Rosbach

Merkar skilnaden i mentalitet
Arctic Bioscience lagar kosttilskott i Hovdebygda, og jobbar mellom anna med å utvikle legemiddel mot psoriasis. Samtidig med at leiarstudentane var på Sunnmøre, fekk selskapet ein gledeleg beskjed om at britiske styresmakter hadde godkjend ein større legemiddelstudie.

NRK-direktør Olav Hypher påpeiker at han legg godt merke til skilnaden i mentalitet frå Oslo – der han bur – til Nordvestlandet.

– Det er ein veldig entreprenør- og gründerånd her. Også er det meir enn berre draumar, fordi det er vilje hos dei med kapital i området til å vere med å satse.

– Får tid til å reflektere
Etter at leiarstudentane blei presentert for bedriftene, diskuterte dei seg imellom - før dei skulle kome med innspel til strategien hos deltakarbedriftene. Olav Hypher fortel at mykje av det faglege i den toårige leiarutdanninga kan nyttast direkte i arbeidet hans i NRK til dagleg.

Samtidig meiner han relasjonane til dei andre deltakarane er verdifull. Medstudentane kjem frå vidt ulike bransjar og aktørar - som ABB, advokatfirmaet Elden og Human Etisk Forbund.

– Du får tid til å reflektere over jobben som leiar og kven du er. Du får óg auga opp for andre bransjar og menneske, og at det finst ei verd utanfor den du lev i til dagleg, seier han.

Skaparhuset leiarsamling gruppe Jets 11
GRUPPE-BASERT: Kring 30 leiarstudentar følger det toårige opplegget og er no halvvegs i sitt løp. Studentane, som til dagleg har krevjande leiarjobber, møtest kvar månad. Samlinga i Ulsteinvik, var første gong skulen tok med studentane til ein plass utanfor Oslo eller Bergen i Norge.

Første «distriktssamling»
Opphaldet i Ulsteinvik er første gong handelshøgskulen tek med seg studentar til samlingar utanfor Bergen eller Oslo her i Norge. Tidlegare har masterstudentane vore utanlands i Paris, og etter Ulsteinvik skal dei til Singapore.

– For oss er dette annleis og nytt, seier Tor Øyvind Baardsen, som er programdirektør ved skulen, og har leia programmet gjennom tre tiår.

Kjersti Kleven leiar Skaparhuset og er prosjektleiar i Ikuben. Ho har fleire gonger tidlegare samarbeida med Tor Øyvind Baardsen i ulike fora, og synest naturleg nok det er kjekt at skulen valde Sunnmøre som første «distriktsstoppestad» for leiarprogrammet.

– Det er ei stadfesting på at vi er ein god prosessarena, og ein interessant stad å besøke. Samtidig er det eit resultat av nettverket vårt, seier Kleven.

Koplar teori og praksis
Det er langt frå første gong programdirektøren er på Sunnmøre.

– Eg har opplevd på nært hald korleis samarbeidet og kompetanseutvekslinga i denne maritime industrielle klynga, har skapt verdiar, arbeidsplassar og lønnsemd, fortel han.

Tradisjonane til næringslivet på Nordvestlandet går difor godt saman med korleis studentane hans skal få kopla akademisk innsikt, saman med praktisk erfaring. Både den dei har frå før, og som dei møter hos deltakarbedriftene.

Han er ikkje i tvil om at Ulsteinvik og Skaparhuset er midt i blinken for ei slik samling.

Ei betydeleg investering
Baardsen fortel at det er ei betydeleg investering for bedriftene å sende leiarane sine på den toårige leiarutdanninga, som går for å vere mellom dei aller beste her til lands.

I tillegg til kostnaden i kroner og øre, må dei investere tid til samlingar kvar månad – samtidig som dei fleste har krevjande leiarjobbar til dagleg.

– Fokuset på livslang læring er kome på plass hos mange, og eg trur det vil bli enno meir vanleg at ein går litt på skule innimellom i arbeidslivet, seier han.

Mange leiarar føler at dei treng meir kunnskap for å gjere den jobben dei er venta å gjere
Tor Øyvind Baardsen
Fleire saknar verktøy til leiarjobben
Baardsen fortel at har hatt jamt stort interesse for programmet som no har vore køyrt i 30 år.

Medan det tidlegare var fleire «halvstuderte røvarar», som trengde fagleg påfyll i konkurranse med ynge meir velutdanna leiarar, merkar han ei endring i kven som deltek.

– Mange leiarar føler at dei treng meir kunnskap for å gjere den jobben dei er venta å gjere. Dei fleste er utdanna i faget sitt, men skal samtidig ta vanskelege strategiske avgjersler – og kjenner gjerne at dei manglar verktøya til å gjere dette.

Podium

E7/S1 Kjersti Kleven og Lene Trude Solheim om møteplassar for næringslivet i og etter korona.

Publisert: 16.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 20.04.2023 11:22

Mer om