Berg Lipidtech
OMEGA 3: Berg Lipidtech held til på Eidsnes i Sula kommune. I 2022 tente dei godt på produksjon og sal av omega 3 og andre fiskebaserte oljeprodukt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Inntektsboom for fiskeoljeselskap

Auka inntektene frå eksport til Nord-Amerika med 52 prosent.

Linn Antonie Vårdal Solheim
10.08.2023

Berg LipidTech, også kalla BLT, auka både inntektene og resultatet kraftig i 2022. Det Sula-baserte næringsmiddel-selskapet sysselsettette i snitt 23 årsverk i 2022.

I tillegg til ein kraftig auke i salgsinntekter, auka selskapet, som produserer Omega 3 frå fiskeolje, varelageret med 40 prosent i fjor.

Selskapet er dermed godt rusta for vidare vekst.

Amerika-effekt
Den største drivaren for auken i salgsinntekter i 2022, var auken i sal til den nord-amerikanske marknaden. I 2022 selde Berg Lipidtech for 47,1 millionar kroner meir til kontinentet enn året før.

BLT fekk i 2017 på plass ei såkalla HACCP-erklæring frå Mattilsynet, og dermed på plass tillatelse å eksportere til USA.

Kva er HACCP?

Hazard Analysis Critical Control Point er ei kartlegging av konsekvensar av matvarekonsum og -import, og krevjast mellom anna av FDA i USA.

«HACCP (fareanalyse og kritiske kontrollpunkter) har som mål å sikre at alle helsefarer som utgjør en risiko for mattryggheten er kjent, forebygget, eliminert eller redusert til et akseptabelt nivå.»

Kjelde: Mattilsynet

Sidan den tid har eksporten til bedrifta auka jamt og trutt, og i 2022 skaut salet til verdsdelen for alvor fart.

Positiv utvikling framover
Styret skriv i årsmeldinga at dei er nøgde med året som har gått, og at dei ser positivt på utviklinga framover.

Berg Lipidtech er eit familieeigd selskap, og er eit heileigd dotterselskap av BLT Holding.

Det er dagleg leiar Ståle Magne Berg, styremedlem Anne Karin Kolberg Berg og Kjell Ivar Berg som er dei største eigarane i selskapet, med høvesvis 33,3 prosent, 31,3 prosent og 30,3 prosent av dei uteståande aksjane i selskapet.

Tal i mill. kroner
Berg Lipidtech20222021
Driftsinntekter153,7108,0

Driftsresultat

25,30,2
Resultat før skatt30,62,6

Publisert: 10.08.2023 11:56

Sist oppdatert: 10.08.2023 11:56

Mer om