Inseanergy/Norwegian Hydrogen-samarbeid
Skal kombinere solenergi og hydrogen.
Norwegian Hydrogen blir Inseanergy sin samarbeidspartnar for å sikre utsleppsfri energiforsyning til oppdrettsanlegg.
Ideen til Inseanergy er å bygge flytande solcellekraftverk på utrangerte oppdrettsanlegg. Når det er lite sol er planen å ha kraftsproduksjonsanlegg basert på hydrogen i tillegg, og der har Norwegian Hydrogen og Inseanergy funne saman, ifølgje ei pressemelding.
Begge har hovudkontor i Ålesund.
-Ved å kombinere vår løsning for lokal energiproduksjon frå flytande solceller med eit hydrogen brenselcellesystem og grønt hydrogen fra Norwegian Hydrogen kan vi tilby ein komplett utsleppsfri løsning til alle «off-grid» oppdrettsanlegg, seier dagleg leiar Jan Erik Våge Klepp i Inseanergy i pressemelding.
Ingen CO2-utslepp
Grønt hydrogen betyr at hydrogen er laga ved hjelp av elektrolyse, der straum frå vass- eller vindkraft blir brukt til å spalte vatn i hydrogen og oksygen. I brenselcella blir denne prosessen reversert, og frigjer energi med vatn som einast utslepp.
I følgje pressemeldinga er fire av ti norske oppdrettsanlegg, omlag 400 anlegg , ikkej knytta til straumnettet på land og har dieselaggregat som syter for straumen. Desse anlegga, og brønn- og servicebåtar som kjem til desse anlegga, er ein marknad Inseanergy siktar mot.
Vekstselskap
Norwegian Hydrogen planlegg å starte sin første hydrogenprodukjson ppå Hellesylt, i 2023, men har ambisjonar om å bli landsdekkande produsent og distributør.
Inseanergy henta i januar i år inn 30 millionar kroner i ny eigenkapital for å finansiere vidare utvikling av teknologi og selskap. Målet er å gjennomføre det første kommersielle salet i år.
Publisert: 23.02.2022 10:33
Sist oppdatert: 23.02.2022 10:34