Jenny Klinge foto Sp
KAN JUSTERAST: Stortingrepresentant Jenny Klinge (Sp) peikar på tre punkt det framlegget om grunnrenteskatt på oppdrett kan justerast; korleis det skattepliktie overskotet skal bereknast, kor stort botnfrådraget skat vere og kva for investeringar som kan trekkast frå i reknskapet året etter investeringar er gjort. Foto: Senterpartiet
Synspunkt

Skattlegging av naturressursar er ikkje urimeleg

Jenny Klinge (Sp) peiker på tre område der forslaget om grunnrenteskatt kan justerast. Men skatten er kome for å bli, skriv ho i dette innlegget.

25.10.2022

Det har vore mykje debatt om den såkalla grunnrenteskatten sidan regjeringa la fram sitt forslag til endringar i haust. Namnet på skatten er eigentleg misvisande. Det handlar om ein skatt på tilgang til og bruk av naturressursar som gir særleg høg avkastning. Ei høg avkastning som andre næringar utan tilgang på desse ressursane ikkje kan rekne med. Til no har grunnrenteskatten vore avgrensa til vasskraftproduksjon og olje- og gassutvinning, men no er framlegget at også vindkraft og havbruk skal med. Det er særleg det siste som skapar storm.

Havbruk er ei næring med store økonomiske krefter og ei sterk stemme. Den stemma skal vi lytte til før vedtak i Stortinget. Det er ein høyringsrunde om framlegget no som gir høve til å koma med innspel og ønske frå dei alle dei berørte næringane.

Ein kan samanlikne denne såkalla grunnrenteskatten med ei årleg leige næringane må betale for å ha tilgang til dei naturressurane (eller den «eigedommen»/grunnen) som eigentleg høyrer fellesskapet til, og som dei bruker til næringsføremål. Men denne leiga/skatten skal ikkje betalast i år med underskot, berre på overskot. Det store plusset med ordninga er at staten på eit vis går inn som medinvestor i investeringar som dei berørte selskapa gjer.

Dette skjer gjennom at staten gir selskapa høve til å avskrive heile kostnaden med investeringa påfølgande år. Dersom investeringa er stor, kan heile skatten såleis bli borte det følgande året, faktisk i fleire år etterpå òg i somme tilfelle. Så alt er ikkje så svart-kvitt som havbruksnæringa no vil ha det til. Samtidig er det viktig for oss i Senterpartiet og Ap å vera opne for å justere ordninga dersom innspela som kjem peikar på viktige forbetringspunkt.

Det er særleg tre område som kan vera aktuelle for justeringar, utan at eg sjølvsagt kan garantere endringar. Det første er prinsippet om normpris. Dette inneber at spotprisen på laks skal bestemme skatten og ikkje den faktiske inntekta til oppdrettaren. Når oppdrettarane får eit oppgjer i kroner og øre som er lågare enn spotprisen kan dei måtte skatte av pengar dei ikkje har tent.

Det andre er storleiken på botnfrådraget og korleis ein skal rekne ut dette. Det er eit omrekna beløp som er det formelle botnfrådraget. Kor stor denne summen er, kan absolutt diskuterast. Men det er faktisk produsert volum som vil ligge til grunn for berekning av grunnrenteskatten.

Det tredje er kva for investeringar som skal vera frådragsberettiga. No er det berre investeringar i sjøfasen som er inkludert, medan investeringar på land ikkje er det.

Det er viktig å minne om at dei som driv i havbruksnæringa har tilgang på ressursar av høg verdi, og at det ikkje er urimeleg med denne forma for skattlegging på nettopp fellesskapets naturressurar. Ein fornuftig og riktig utforma grunnrenteskatt vil i prinsippet gi store moglegheiter til å gjera investeringar, i og med at staten som nemnt er med og tek ein andel av kostnaden ved investeringane gjennom frådragsretten.

I tillegg er det ein diskusjon knytt til formuesbeskatning, som no også er innført for dei oppdrettskonsesjonane som vart gitt før 1998. Når verdien av dei konsesjonane som vart gitt før 1998 skal settast, vil mest truleg verdiane i auksjonsrundane om konsesjonane bli reduserte og såleis også formuesskattegrunnlaget.

Høyringsrunden gir høve til å få fram argument og fakta frå havbruksnæringa som vi på Stortinget skal sjå nøye på før endeleg vedtak. Det kan vera aktuelt med justeringar, men grunnrenteskatt på havbruk vil bli innført.

Jenny Klinge (Sp), stortingsrepresentant og medlem i næringskomiteen.

Publisert: 25.10.2022 09:25

Sist oppdatert: 25.10.2022 14:14