Nytt
Investeringsfond kjøper Mørenot
Investeringsfondet FSN Capital kjøper Mørenot for 900 millionar kroner. Skal vekse, seier Mørenotsjefen.
15.03.2018
Norsk eigar, framleis hovudkontor i Ålesunds-området, seier Mørenot-sjef Knut Berge om grunnen til at Mørenotaksjonærane valde å selje til investeringsfondet FSN Capital.
Berge skal halde fram som toppsjef og seier Mørenot skal vekse, både organisk og gjennom oppkjøp, etter at FSN Capital tek over.
- Vi har ein vekststrategi, seier Berge.
Det er fondet FSN Capital V som går inn i Mørenot.
Partane opplyser ikkje prisen, men etter det NETT NO erfarer er den på 900 millionar kroner. I følgje 2016-reknskapen var gjelda i konsernet 531 milionar kroner i 2016.
I følgje , som skreiv om salet først, sit seljarane att med cirka 450 millionar kroner på deling når gjelda er trekt frå.
Investeringsfondet skal eige 80 prosent av selskapet når transaksjonen er gjennomført. Dagens eigarar blir med vidare, om dei vil. I følgje styreleiar Sveinung Flem i Mørenot vil FSN Capital først kjøpe ut dagens aksjonærar, som deretter kan gå inn som medeigarar. Flem vil ikkje kommenterer kor stor andel av selskapet dagens aksjonærar kan bli eigarar av etter transaksjonen.
- Det et opp til dei noverande aksjonærane i kor stor grad dei vil reinvestere. Det er eit tilbod og eit ønskje frå FSN om at eksisterande aksjonærar blir med saman med FSN, seier Flem.
Dei tre største eigarane, med kvar 11,4 prosent av aksjane, er PVR ved Per Ringstad, Notloftet ved Terje Ringstad og Notvika ved Nina, Ewa og Camilla Hildre. Nina, Ewa og Camilla Hildre eig og kvar 2,1 prosent av aksjane direkte med at Ringstad har ein direkte eigd aksjepost på 1,4 prosent.
Bodil Laverton og Gro Akselsen eig kvar sju prosent, medan resten av eigarane eig under fem prosent kvar.
Konsernet hadde 522 tilsette ved årsskiftet 2016/2017.
Undervegs har mellom andre den islandske utstyrsprodusenten Hampidjan forhandla om kjøp, men Hampidjan varsla nyleg at selskapet ikkje lenger var med i forhandlingane.
Med Hampidjan ute av dansen forhandla Mørenot vidare med FSN Capital.
I 2016 hadde konsernet 804 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 25 millionar kroner.
Berge skal halde fram som toppsjef og seier Mørenot skal vekse, både organisk og gjennom oppkjøp, etter at FSN Capital tek over.
- Vi har ein vekststrategi, seier Berge.
900 millionar
FSN Capital forvaltar fem investeringsfond, som har investerte for til saman cirka ein milliard Euro (cirka 9,5 milliardar kroner) sidan starten i 2000. Selskapet har kontor i Oslo, Stockholm, München og København. Blant partnarane er Knut Kjær, tidlegare sjef for oljefondet.Det er fondet FSN Capital V som går inn i Mørenot.
Partane opplyser ikkje prisen, men etter det NETT NO erfarer er den på 900 millionar kroner. I følgje 2016-reknskapen var gjelda i konsernet 531 milionar kroner i 2016.
I følgje , som skreiv om salet først, sit seljarane att med cirka 450 millionar kroner på deling når gjelda er trekt frå.
Investeringsfondet skal eige 80 prosent av selskapet når transaksjonen er gjennomført. Dagens eigarar blir med vidare, om dei vil. I følgje styreleiar Sveinung Flem i Mørenot vil FSN Capital først kjøpe ut dagens aksjonærar, som deretter kan gå inn som medeigarar. Flem vil ikkje kommenterer kor stor andel av selskapet dagens aksjonærar kan bli eigarar av etter transaksjonen.
- Det et opp til dei noverande aksjonærane i kor stor grad dei vil reinvestere. Det er eit tilbod og eit ønskje frå FSN om at eksisterande aksjonærar blir med saman med FSN, seier Flem.
23 eigarar
Mørenot hadde i følgje sist tilgjenglege reknskap heile 23 aksjonærar.Dei tre største eigarane, med kvar 11,4 prosent av aksjane, er PVR ved Per Ringstad, Notloftet ved Terje Ringstad og Notvika ved Nina, Ewa og Camilla Hildre. Nina, Ewa og Camilla Hildre eig og kvar 2,1 prosent av aksjane direkte med at Ringstad har ein direkte eigd aksjepost på 1,4 prosent.
Bodil Laverton og Gro Akselsen eig kvar sju prosent, medan resten av eigarane eig under fem prosent kvar.
Konsernet hadde 522 tilsette ved årsskiftet 2016/2017.
Starta i fjor sommar
Eigarane starta arbeidet med å selje Mørenot i fjor sommar.Undervegs har mellom andre den islandske utstyrsprodusenten Hampidjan forhandla om kjøp, men Hampidjan varsla nyleg at selskapet ikkje lenger var med i forhandlingane.
Med Hampidjan ute av dansen forhandla Mørenot vidare med FSN Capital.
Fiske, oppdrett og olje
Mørenot starta som ein fiskevegnprodusent, og lagar oppdrettsnøter, garn og tauverk. Både oppdrettsnæring og fiskerinæringen er kundar, og i tillegg har selskapet og ein fot innanfor oljebransjen, og leverer mellom anna eigenutvikla deflektorar til seismikk-selskap. (Ein deflektor held kablane bak seismikkskipet frå kvarandre, etter same prinsipp som ei oterfjøl).I 2016 hadde konsernet 804 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 25 millionar kroner.
Publisert: 15.03.2018 19:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19