B398 Rem Energy foto Green Yard Kleven Martin Ringstad 3
DÅP: Laurdag vert Rem Energy døypt. Her under prøvetur i Storfjorden. Foto: Green Yard Kleven, Martin Ringstad
Nytt

Inviterer til dåpsfest og lovar fleire skip

Laurdag vert offshore vindskipet Rem Energy døypt. Rem-direktør Fredrik Remøy lovar at selskapet skal vekse.

19.11.2021

- Ja, vi har planar om fleire nybygg innan offshore vind, i tillegg til at vi ser på kjøp av eksisterande skip innan både PSV- og subseamarknaden.

Det seier Remøy før dåpen av Rem Energy laurdag.

Dåpsseremonien vil finne stad på Mjølstadneset, der det først vert ein seremoni for 150 inviterte gjestar, før det vert ope skip for alle interesserte.

På kveldstid vil overleveringsfesten finne stad ved Thon Hotel Fosnavåg.

Arbeid i Tyskebukta
På plass vert blant anna representantar frå det spansk-tyske selskapet Siemens Gamesa Renewable Energy, som har leigd skipet i fem år til å arbeide på vindparkar i Tyskebukta.

Oppdraget går ut på vere service- og hotellskip for dei tilsette i vindparkselskapet, som skal drive vedlikehaldsarbeid på vindkraftfeltet.

- Økonomisk er dette ei grei kontrakt for oss, seier Remøy.

Om bord vert det eit mannskap på 20, der ein del vil vere nordmenn og resten frå Bulgaria, der Rem Offshore har eige avdelingskontor.

Skulle verte supplyskip
Rem Energy er eit ombygd skrog til eit supplyskip, som først vart bestilt frå Havyard Leirvik av selskapet Fafnir Offshore i 2014. Den kontrakten vart kansellert, og vart overtatt av Atlantic Towing Shipping i 2017, som skulle ferdiggjere skipet på Kleven.

Også denne kontrakten vart kansellert. Deretter kom Rem Offshore inn og gjorde avtale med Green Yard Kleven om å byggje skipet om til eit spesialskip for offshore vind.

Tjuande skipet frå Kleven til Rem
Fredrik Remøy rosar verftet.

- Eg er imponert over kvaliteten på arbeidet, og at verftet har klart å gjennomføre oppgåva på ein så god måte etter å ha vore gjennom ein vanskeleg periode. Dette er faktisk byggnummer 20 frå Kleven til Rem, så vi skal feire eit aldri så lite jubileum.

Remøy seier at alternativet med å byggje eit heilt nytt skip frå botnen av har spart selskapet for rundt 150 millionar kroner.

- Dette var avgjerande for at vi sa ja.

Fekk garantiar
Green Yard Kleven fekk blant anna 191 millionar kroner i garantiar med GIEK (no Eksfin, red merk) for å sikre byggjelånsfinansieringa.

Remøy rosar Eksfin og bankane.

Både Eksfin og bankane Sparebanken 1 SMN, Sparebanken Møre og Sparebanken Vest har vore konstruktive og bidrege til at vi i fellesskap har funne fram til gode løysingar.

- Vi har også hatt eit godt samarbeid med designarane i Hav Group, seier Remøy.

Dette er faktisk byggnummer 20 frå Kleven til Rem, så vi skal feire eit aldri så lite jubileum
Fredrik Remøy

Vard-nybygg
Rem Offshore inngjekk i august avtale med Vard om å byggje to 85 meter lange og 19,5 meter breie spesialskip for offshore vind. Denne kontrakten har ein samla verdi på rundt 100 millionar euro, og det er i tillegg opsjonar på to til skip.

Første skroget skal byggjast ved Vard sitt verft i rumenske Braila, medan skroget til skip nummer to skal byggjast ved Vard-verftet Vung Tau i Vietnam. Det første skipet skal ferdigstillast i Norge.

Med Rem Energy på plass har Rem Offshore tolv skip i flåten. Det Fosnavåg-baserte selskapet vart starta opp i 2017 av Åge Remøy saman med partnarane Thorsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Roth. Målet var å byggje opp eit større offshoreselskap nord for Stad etter at tidlegare Rem vart overtatt av Solstad.

Så langt har ein lukkast, men Fredrik Remøy seier at det vert jobba konkret med nye prosjekt.

- Vi skal vekse, men det vert truleg ikkje offentleggjort nye kontraktar før etter nyttår.

Publisert: 19.11.2021 05:50

Sist oppdatert: 19.11.2021 16:19

Mer om