- Dette er banebrytande for både verft og reiarlag
Rem Offshore-direktøren seier at dei Vard-bygde skipa på miljø og operasjonalitet utgjer ein ny generasjon av offshore vindskip.
- Vi har i fleire år jobba tett inn mot sluttbrukarane av skipa for å utvikle eit skip som tilfredsstiller dei framtidige krava både miljømessig og operasjonelt, seier Fredrik Remøy.
Han karakteriserer dei 85 meter lange spesialskipa som banebrytande.
- Her kjem det mykje nytt, også når det gjeld det miljømessige. Dette vil vi kome tilbake til, seier Remøy.
- Dette prosjektet er banebrytande av både verft og reiarlag.
- Viktig å satse norsk
Det var fredag at Vard og Fosnavåg-baserte Rem Offshore kunngjorde kontrakten om to 85 meter lange spesialskip for offshore vind, med opsjon på ytterlegare to skip.
Verdien på dei to første kontraktane er rundt 100 millionar euro.
Skroga skal byggjast i Romania og Vietnam, men utrustning og ferdiggjering skal utførast av Vard på Sunnmøre.
Fredrik Remøy meiner det siste er viktig.
- Det er viktig å byggje opp under norsk maritim industri, og spesielt på prosjekt knytta til offshore vind. Her kan vi vere verdsleiande, og det også utan subsidiar.
- Kunne bygt i Kina
Han opplyser at både utanlandske og andre norske verftsgrupper konkurrerte om oppdraget.
- Vi kunne bygt i Kina, men vi trur ikkje vi hadde fått den kvaliteten vi etterspør om vi hadde gjort det.
- Dette er skip som skal vare i 30 år, og vi føler oss sikre på at Vard vil sikre den aller beste kvaliteten.
Vi kunne bygt i Kina, men vi trur ikkje vi hadde fått den kvaliteten vi etterspør om vi hadde gjort det
- Ettertrakta skip
Remøy seier at i tillegg til pris og kvalitet, var leveringstidspunktet viktig.
Han vil derimot ikkje kommentere om selskapet allereie har fått kontrakt på skipa.
- Vi er heilt sikre på at dette kjem til å verte svært ettertrakta skip.
Med desse to siste skipa, og eit skip under bygging ved Green Yard Kleven, er Fosnavåg-selskapet oppe i totalt 14 skip, pluss to opsjonar.
Vi har hatt tradisjon for å byggje i Norge, og no gjer vi det på nytt
Stor tru på offshore vind
Bak satsinga står Åge Remøy, saman med islandske Thorsteinn Mar Baldvinsson og svensk-sveitsiske Magnus Roth.
Dette vert den klart største enkeltsatsinga etter at dei tre aktørane gjekk saman om å byggje opp eit slagkraftig offshoreselskap ‘nord om Stad’, som Åge Remøy uttrykte det.
Åge Remøy seier at det er stor oppslutning blant alle aksjonærane om å satse på offshore vind.
- Vi har stor tru på denne marknaden. Det er her veksten vil kome, og vi har planar om å vere ein viktig aktør.
Tradisjon for norsk bygging
Han synst det er ekstra gledeleg at skipa skal byggjast i Norge.
- Vi har hatt tradisjon for å byggje i Norge, og no gjer vi det på nytt. Dette er gledeleg, og ekstra gledeleg at Vard kan konkurrere på både pris og tid.
Åge Remøy og Magnus Roth er forøvrig gjennom selskapet Inyard Invest største enkeltaksjonær i Myklebust Verft med 19 prosent av aksjane.
Publisert: 06.08.2021 10:05
Sist oppdatert: 06.08.2021 12:10