Monica nipen havila kystruten foto kjetil 11
REKRUTTERING: HR-sjef Monica Nipen om bord i Havila Capella. Selskapet treng mange nye tilsette til dei neste skipa. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Jaktar mange nye tilsette

Havila Kystruten treng 200 fleire tilsette. HR-sjef Monica Nipen trur det skal gå bra.

17.12.2021

- Det er mange som har lyst å arbeide om bord i skipa til Havila Kystruten. Det er nytt, det er spennande og det er interessant å vere med på denne satsinga.

Nipen har leiarerfaring både frå NAV, Kleven og Myklebust Verft, og var av dei første tilsette i Havila Kystruten.

500 seglande
Ho har administrert ein stor verksemdsoverdraging av tilsette frå Hurtigruten til Havila Kystruten.

- Rundt 360 personar skulle over, men ein del slutta og fann seg nye jobbar, spesielt ettersom skipa vart forseinka og det vart permitteringar.

- I dag er vi rundt 290 seglande tilsette og rundt 25 i landadministrasjonen. I tillegg nyttar Havila Kystruten tenester frå Havila Service, mellom anna innanfor crew, IT, innkjøp og rekneskap.

På kvart skip trengst det 60-65 på to skift, slik at totalt skal Havila Kystruten ha rundt 500 seglande tilsette når alle dei fire skipa er i drift, truleg til sommaren neste år.

- Ja, vi treng mange nye tilsette, rundt 200 på eit halvt år

Dette er ikkje ein jobb som tappar energi. Her får eg energi
Monica Nipen

God kokkerespons
Men alt no jaktar Nipen nye tilsette, sjølv om mykje er i ferd med å falle på plass når det gjeld mannskapet på Havila Castor, som skal på jomfrutur 7. april.

- Vi treng matrosar, motormenn og reparatør.

Selskapet har nyleg søkt etter kokkar, og fekk god respons.

- Vi har tilsett om lag 15 kokkar og vil halde fram med å tilsette fleire blant dei vel 60 søkarane til stillingane. Det synst vi er bra når vi veit at mange andre har vanskar med å rekruttere kokkar.

Kapteinar til alle fire skipa er også på plass.

- Ja, vi har endåtil ein i pluss, og det er godt å ha.

Får energi
Også i landadministrasjonen trengst det folk.

- Akkurat no treng vi kommunikasjonsansvarleg, digital marknadsførar, digital innhaldsprodusent og kundekonsulent.

Nipen seier at det har vore ein svært hektisk periode, men ho seier at ho samstundes stortrivst.

- Dette er ikkje ein jobb som tappar energi. Her får eg energi.

- Her er så mange flotte, engasjerte og dyktige tilsette, og det var godt å endeleg sjå andleta bak dei ulike namna eg har arbeida med over lengre tid.

- God blanding
Ho kjem frå Bigset på Hareid og er ein av sunnmøringane i selskapet, sjølv om slektsnamnet kjem frå Telavåg.

- Her er mellom anna svenskar, danskar, finnar, tyskarar og nordmenn frå Jæren til Hammerfest. Her er ei skikkeleg god blanding.

Publisert: 17.12.2021 15:57

Sist oppdatert: 17.12.2021 15:38

Mer om