Havila capella Finsnes per lund Bent Martini foto kjetil 11
FINNSNES: Havila Kystruten-sjef Bent Martini mottok eit måleri av dampskipet Capella av hamnesjef Per Lund då Havila Capella la til ved Lundkaia på Finnsnes. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Vil ta imot alle Havila-skipa før han gir seg

Han har vore hamnesjef i over 50 år og Per Lund (72) har ikkje tenkt til å gi seg med det første. Følg seglasen og sjå bilde frå turen.

13.12.2021

Søndag 12. desember la Havila Kystruten sitt første skip, Havila Capella, ut på jomfruseglasen langs kysten på ruta mellom Bergen og Kirkenes.

NETT NO var med på turen nordover til Tromsø og rapporterte undervegs. Havila Capella la til kai i Tromsø ved 14.30-tida torsdag. Innseglinga skjedde lydlaust på batteridrift, både av hovedmotorar og thrusterar.

I over 52 år har Per Lund (72) var mellom dei som tok i mot skipet på seglasen på Finnsnes. Lund har vore hamnesjef i meir enn 52 år, ein jobb han overtok etter faren.

Sjølv vil han ikkje slutte før han har tatt vel imot dei tre siste skipa til Havila Kystruten.

Vi skal lage skikkelege markeringar når dei tre siste skipa kjem, lova han.

Les om turen og sjå bilde under:

Havila capella snorklipping tromsø foto kjetil 11
TROMSØ: I pøsande regnver tok ei rekke pressefolk og hamnedirektør Jørn Even Hanssen i Tromsø hamnevesen imot Havila Kystruten-trioen Arne Johan Dale, Bent Martini og Per Sævik på kaia i Tromsø. Havila Capella segla inn til byen berre på batteri, for første gong under seglasen. Foto: Kjetil Haanes
Sjå video frå mottakinga i Havøysund:
Havila capella innseiling tromsø foto kjetil 11
TROMSØ: I stummande mørke segla Havila Capella lydlaust inn til Tromsø torsdag ettermiddag. Foto: Kjetil Haanes
Lofoten vikingmuseum foto kjetil 11
VIKINGMUSEUM: På grunn av få passasjerar er fleire av dei guida turane i land avlyste, men onsdag fekk ei gruppe reisande vere med til Lofoten Vikingmuseum i Borg. Foto: Kjetil Haanes
Havila capella harstad Anne Britt Bekken Lennart Jensen Bent Martini foto kjetil 11
HARSTAD: Ved alle hamner er det snorklipping og velkomstseremoni når Havila Capella legg til kai, som her i Harstad tidleg torsdag. Anne Britt Bekken har vore hamnedirektør i 14 månader, og gav oppdraget til assisterande hamnedirektør Lennart jensen, som har 40 års fartstid på hamna. Til høgre adm. dir. Bent Martini i Havila kystruten. Foto: Kjetil Haanes

Følg AIS-sporinga frå skipet (ekstern lenke)

Havila capella Ørnes foto kjetil 11
KYSTRUTEENTUSIASTAR: Marknadssjef Tonje Alvestad Ytrebø (t.h.) i Havila Kystruten møtte lokale kystruteentusiastar i Ørnes i Meløy kommune. Dei gler seg til å kome om bord, men smitteverntiltak gjer at det førebels må vente. Foto: Kjetil Haanes
Havila capella ankomst bodø foto kjetil 11
BODØ: I kuling og regn vart Arne Johan Dahle og Bent Martini frå Havila Kystruten helsa velkomen av varaordførar Olav Smeplass og hamnesjef Kjersti Stormo. Foto: Kjetil Haanes
Havila Capella Ørnes foto kjetil 22
SNORKLIPPING: Varaordførar Mette Bjørnevik i Meløy, flankert av Havila Kystruten-sjef Bent Martini (t.v.) og finansdirektør Arne Johan Dale, er klar til å klippe snora på kaia i Ørnes. Foto: Kjetil Haanes
Havila capella munkholmen trondheim foto kjetil 11
VELKOMST: Havila Capella kom til Trondheim tysdag morgon og blei ønska velkomen med vannsalutt av brannbåten «Anne Kathrine» frå Trøndelag Brann og Redningstjeneste. Foto: Kjetil Haanes

Sjekk seglingstidene

Nordgående rute

Bergen 14:45-20:30

Florø 02:45-03:00

Måløy 05:15-05:30

Torvik 08:20-08:30

Ålesund (01.11-31.05) 09:45-20:00

Molde 22:35-23:05

Kristiansund 02:45-03:00

Trondheim 09:45-12:45

Rørvik 21:40-22:00

Brønnøysund 01:35-01:45

Sandnessjøen 04:35-04:50

Nesna 06:00-06:10

Ørnes 10:00-10:10

Bodø 13:05-15:20

Stamsund 19:15-19:40

Svolvær 21:20-22:15

Stokmarknes 01:30-01:40

Sortland 02:55-03:10

Risøyhamn 04:35-04:50

Harstad 07:10-07:45

Finnsnes 11:00-11:30

Tromsø 14:15-18:15

Skjervøy 22:10-22:25

Øksfjord 01:50-02:00

Hammerfest 05:05-05:45

Havøysund 08:30-08:45

Honningsvåg 10:55-14:30

Kjøllefjord 16:40-17:00

Mehamn 18:55-19:15

Berlevåg 22:00-22:10

Båtsfjord 00:00-00:30

Vardø 03:30-03:45

Vadsø 06:55-07:10

Kirkenes 09:00-12:30

(kjelde Havila Kystruten)

Havila capella til kai i trondheim foto kjetil 11
TRONDHEIM: Havila Capella til kai i Trondheim under sitt første besøk til byen. Skipet kastar loss tidleg tysdag ettermiddag og neste stopp er Rørvik tysdag kveld. Foto: Kjetil Haanes
Svein gjelseth arthur sævik Havila Capella foto kjetil 11
GOD UTSIKT: Ap-politikar Svein Gjelseth og reiaren sin yngre bror, Arthur Sævik, kosar seg med utsikta frå store panoramanvindauge om bord. Foto: Kjetil Haanes
Havila Capella ålesund Skansekaia foto kjetil 11
ÅLESUND: Havila Capella-skipet ved Skansekaia i Ålesund måndag ettermiddag. Skipet skal segle vidare ved 20-tida. Foto: Kjetil Haanes
Per sævik landgang havila capella mjølstadneset foto kjetil 22
MØTT MED FLAGG OG HURRAROP: Kystruten-reiar Per Sævik blei møtt med flagg, hurrarop frå mange frammøte på Mjølstadneset. Også sonen Njål Sævik (t.h.) skulle vere med på seglas. Foto: Kjetil Haanes
Havila Capell Måløy foto Havila Kystruten 11
MÅLØY: Grytidleg måndag tok denne velkomstkomiteen i mot skipet då det kom til Måløy. Foto: Havila Kystruten
Havila Capella gods Måløy foto kjetil 11
PLASS TIL GODS OG BILAR: Skipet kan frakte 180 pallar, har stort kjølerom, pluss at bildekket kan ta ni bilar. Her kjem det last om bord i Måløy. Foto: Havila Kystruten
Havila Capell Utsikt foto kjetil 11
PANORAMAUTSIKT: Det er god utsikt for dei reisande gjennom store panoramavindauge. Undervegs på seglasen er det planlagd fleire markeringar. Foto: Kjetil Haanes
Kaptein Brynjard Ulvøy hotellsjef Else Kristine Tjessem Havila Capella foto kjetil 11
PAUSE: Ein liten pause i Ålesund for kaptein Brynjard Ulvøy og hotellsjef Else Kristine Tjessem. Foto: Kjetil Haanes

Publisert: 13.12.2021 17:05

Sist oppdatert: 18.12.2021 11:18

Mer om