Jubilanten takka mannskapet
Reiar Per Sævik vart overraska av mannskapet på Havila Capella. 81-åringen er optimistisk.
- Det er klart at vi er litt urolege for kva konsekvensar koronapandemien og nye restriksjonar vil bety, men eg er heilt sikker på at satsinga og konseptet er godt. Dette skal bli bra.
Per Sævik fyller 81 år i dag, onsdag, og mellom stoppestadane Ørnes og Bodø vart Herøy-reiaren overraska av mannskapet som hadde tromma saman med både kake, helsingar og song.
Sjå video under:
Jubilanten vart litt sett ut, men svara med å takke mannskapet for innsatsen.
Han sa at det hadde vore krevjande tider, men at alle hadde stått på, og at tilbakemeldingane så langt hadde vore svært gode.
- Vi er alle ein del av denne suksessen. Vi er eit stort vi, sa Sævik.
Han sa også at sjølv om han er 81 år, føler han ikkje at alderen tynger.
- Nei. å vere med på denne satsinga er utruleg interessant, sjølv om eg har ein del år på nakken.
Alle skipa på sjøen
Etter mange hindringar undervegs, kan Sævik glede seg over at alle dei fire skipa til Havila Kystruten no er på sjøen. Tre av dei ligg ved Tersan-verftet i Tyrkia.
- Vi har fått masse erfaringar med Havila Capella, og eg trur at det vil føre til at alt vert mykje lettare med dei neste tre skipa.
Selskapet er ferdig med å rekruttere mannskap til skip nummer to, og vil starte rekrutteringa til dei to siste skipa over nyttår.
Totalt vil Havila Holding-konsernet ha 3.000 tilsette når alle dei fire kystruteskipa er i sving.
Publisert: 15.12.2021 12:13
Sist oppdatert: 15.12.2021 12:32