Havila capella hamnedirektør Knut Thomas Kusslid trondheim bent martini foto kjetil 11
TRONDHEIM: Gåveoverrekking mellom hamnedirektør Knut Kusslid og Havila Kystruten-direktør Bent Martin då Havila Capella la til kai i Trondheim for første gong. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Hamnesjefen full av lovord

- Eitt av dei flottaste skipa eg har sett.

14.12.2021

Sjølv om han vente ekstra lenge ettersom landgangen ikkje fungerte og passasjerane til slutt måtte gå på land over lasteluka, var hamnedirektør Knut Kusslid full av lovord om Havila Kystruten sitt nye skip Havila Capella.

- Eitt av dei flottaste skipa eg har sett. Utruleg flotte linjer.

Ved innseglinga til Trondheim vart Havila Capella helsa velkomen med vass-salutt av brannbåten «Anne Kathrine» frå Trøndelag Brann og Redningstjeneste.

- Skulle berre mangle. Dette er ei storhending, seier Kusslid.

Havila capella ladetårn trondheim foto kjetil 11
LADING: Det nye ladetårnet ved Trondheim hamn er spesialtilpassa Havila Kystruten sine fire skip. Foto: Kjetil Haanes

- Bra for kysten
Han overrekte gåver til Havila Kystruten-direktør Bent Martini, og meiner det er bra for trafikken langs kysten at Hurtigruten har fått ein konkurrent.

- Dette er bra for alle. Spesielt gledeleg er det at Havila Kystruten viser veg og satar på miljøvenlege skip.

- Både designet og teknologien er spennande.

Nytt landstraumanlegg
Ved Trondheim hamn er ein no i sluttspurten på landstraumanlegget, som vil ha ein kapasitet på 2,1 megawatt.

- Anlegget er spesialtilpassa Havila Kystruten sine fire skip, seier Kusslid.

Både designet og teknologien er spennande
Knut Kusslid

Treng nettutbygging
Han seier at det vert jobba med å få endå meir straum fram til hamna.

- Kapasiteten på nettet i dag er for dårleg. Dette har høg prioritet å få løyst, spesielt sidan vi forventar at behovet for landstraum berre vil auke.

På grunn av koronarestriksjonar fekk ikkje Kusslid gå om bord i Havila Capella.

- Eg skal om bord så fort det let seg gjere. Det gler eg meg til

Havila capella til kai i trondheim foto kjetil 22
JOMFRUTUR: Havila Capella ved kai i Trondheim. Foto: Kjetil Haanes

Publisert: 14.12.2021 15:00

Sist oppdatert: 14.12.2021 14:46

Mer om