Jenter søker seg ikkje til teknologi
Nanoteknologistudenten Eira trur mange jenter undervurderer eigne evner.
I følgje tal frå Samordna Opptak har færre enn ein av ti kvinnelege søkjarar utdanningar innan IT og teknologi på førsteplass før fristen for omprioritering av høgare utdanning går ut i dag.
Trur jenter undervurderer eigne evner
Eira Høyland Huse er ferdig med tredjeåret av sivilingeniørstudiet i nanoteknologi på NTNU i Trondheim, og trur ein del av årsaka ligg i at mange jenter undervurderer eigne evner.
- Eg trur ting er i ferd med å forandre seg, men mange jenter syns det er skummelt å vere dårlig i ting, så då prøver dei heller ikkje. Det er nok litt flink pike-syndrom, og når det er snakk om vanskelige fag, så er det lettere å følge strømmen og kanskje velge litt meir klassiske jenteting, fortel Huse.
Sjølv visste ho at ho ønska å studere noko med realfag, men at det var akkurat nanoteknologi på NTNU ho enda opp med var litt tilfeldig.
Etter å fått studiar i Skottland avbrotne av pandemi vende ho snuten heimover mot Noreg, og har ikkje sett seg tilbake sidan.
Tilgang på riktige arbeidsplassar viktig
Eira er frå Ålesund, og denne sommaren er ho tilbake på Sunnmøre som ein av 11 deltakarar på TEFT-internship. Der er ho tilsett av TAFJORD for å finne løysingar på korleis ein kan måle og redusere klima- og miljøavtrykket knytt til prosjekt i bedrifta.
Om ho kjem til å flytte heim att til Sunnmøre når ho er ferdig utdanna, er den driftige studenten ikkje sikker på.
- Slik det er no, så er det ikkje nok jobbar tilgjengelig lokalt kor eg kan få fullt nytte av kompetansen min når eg er ferdigutdanna, fortel sivilingeniørstudenten.
Ulike oppfatningar av røynda
Ei undersøking gjennomført av YouGov på vegne av Tietoevry viser at berre 8 prosent av kvinner i Norge ønsker seg ein jobb innan teknologi. Undersøkinga viser også at fleire menn enn kvinner trur at kvinnene ikkje interesserer seg for teknologi.
Tietoevry har sett seg mål om å nå 50/50-fordeling på kjønnsbalanse innan 2030. Den låge andelen jenter som søker seg til teknologi-studiar bidreg til at det er utfordrande for bedriftene å nå måla sine når det kjem til mangfald.
Bransjen slit med å rekruttere jenter
Av dei nesten 80 000 jentene som har søkt seg inn på høgare utdanning gjennom Samordna Opptak denne våren, har rett over 7 tusen eit teknologi- eller IT-studie på førsteplass. Det er under 10% av søkjarane.
Dette står i kontrast til at 27% i Tietoevry-undersøkinga oppgir å ha ei interesse for fagområdet.
- For å utvikle tenester for heile samfunnet må menneska som utviklar teknologien representere mangfaldet i befolkninga, melder konsernsjef for HR i Tietoevry, Trond Vinje, i ei pressemelding om funna.
Dersom det er slik at løysingane for framtida blir utvikla av menn, blir dei i all hovudsak også utvikla for menn.
- Mangfald er viktig for samfunnet generelt, og næringslivet spesielt. Derfor må vi saman gjere noko med dette, seier Vinje.
Publisert: 01.07.2023 05:00
Sist oppdatert: 01.07.2023 01:50