![Jets Øyvind Tørlen Foto Ogne Marius 11](/imager/images/1538464/Jets-Øyvind-Tørlen-Foto-Ogne-Marius-11_859d8f71e51cdcc79197ecd3648d156c.webp)
Jets: – Det beste året nokon sinne
Hareid-bedrifta med sitt mest lønnsame år. Auka inntektene med over 100 millionar.
Administrerande direktør Øyvind Tørlen i Jets-konsernet fortel at omsetninga i fjor enda på nesten 570 millionar kroner. Det er ei auke på kring 26 prosent – og meir enn 100 millionar opp frå 2021.
– Marknaden for mobile løysingar har auka kraftig. Samtidig har vi hatt ei veldig positiv utvikling i ettermarknaden og nokre skipssegment, seier han til NETT NO om dei fremste drivarane bak dei rekordhøge inntektene.
Rekneskapen er ikkje klar på ei stund enno, men Jets-sjefen kan fortelje at også overskotet vil vere på rekordnivå.
– Vi veit at resultatet blir bra – og at 2022 vart det beste året nokon sinne, seier han.
Kraftig vekst på mobile løysingar
Etter å ha vore på eit beskjedent nivå over nokre år, har interessa for
mobile toalett skutt i veret. Dei siste par åra er omsetninga i denne
marknaden tredobla, og hamna i fjor på meir enn 80 millionar kroner.
– Vår teknologi har funne «nye vennar» i store selskap som ser mulegheiter for våre produkt. Vi opplever vekst innan festivalar, forsvar og ulike katastrofesituasjonar, fortel Tørlen.
Vakuumtoaletta til Hareid-bedrifta har mellom anna vore teke i bruk i arbeidet med grensekontroll mellom USA og Mexico.
![Jets mobilt toalett montasje foto jets 11](/imager/images/354547/jets-mobilt-toalett-montasje-foto-jets-11_452393f9122041e91205caa465b1472b.webp)
Store leveransar til cruise og forsvar
Salet til den maritime marknaden er framleis desidert størst når ein reknar med ettermarknaden.
– Det har gått veldig bra i dei maritime segmenta, og vi har store leveransar til mellom anna cruise og forsvarsskip. Det siste har naturleg nok bakgrunn i auka spenning og usikkerheit i verda, legg han til.
Konsernet leverer framleis på «gamle» ordrar til cruise, men Tørlen fortel at dei ser nye meglegheiter etter pandemien også her.
– Vi opplever absolutt interesse for nye cruiseskip, seier han.
![Jets cruiseskip foto jets 11](/imager/images/1537969/jets-cruiseskip-foto-jets-11_452393f9122041e91205caa465b1472b.webp)
Prestisjeoppdrag til London-kontor
Leveransane til bygningar er framleis på eit relativt lågt nivå. Tørlen fortel at dei jobbar langsiktig på dette feltet.
– Marknaden må modnast, og kanskje våre løysingar også. Men først og fremst må det inn ein anna og meir berekraftig måte å tenke på i marknaden, seier han.
Leveransen til hovudkontoret til Bloomberg-konsernet i London har vore mellom dei mest prestisjefylte oppdraga på land dei siste åra. Her blir regnvatnet samla på taket, og det nok til å drifta alle toaletta i bygget - som følge av den låge vassforbruken i desse.
– Ein bruker langt mindre vatn og ein slepp å bruke reinsa drikkevatn, fortel Tørlen.
Land som Brasil og Israel, der vatn er ein knapp ressurs -- og gjerne kostbart, er der Jets opplever størst interesse for løysingar til bygg.
![Jets Bloomberg Nigel Young Foster Partners Foto 11](/imager/images/1538501/Jets-Bloomberg-Nigel-Young-Foster-Partners-Foto-11_452393f9122041e91205caa465b1472b.webp)
Rekordaktiviteten gjer også at talet på tilsette har auka i løpet av det siste året. Per i dag er dei kring 130 tilsette til saman på Hareid.
– Vi har auka talet på tilsette ein god del på Hareid. Difor har vi óg vore nøyd til å sette opp ein midlertidig brakkerigg, seier han.
På sikt må dei finne permanente kontorplassar i form av ei utviding av areal.
Publisert: 13.01.2023 05:00
Sist oppdatert: 12.01.2023 23:30