Jets Eivind Aas Skaparhuset foto Marius Rosbach 11
ER I GONG: Jets-konsernet på Hareid er mellom selskapa som er i gong med å etterleve openheitslova, kunne innkjøpssjef Eivind Aas fortelje på Skaparhuset tysdag. Det gjeld ikkje alle. Foto: Marius Rosbach 11
Nytt

– Siste utveg er å kutte leverandørane

Jets er mellom dei som har gjort første analyse kring openheitslova. Ein av tre bedrifter i Møre og Romsdal er ikkje i gong – eller veit ikkje.

Marius Rosbach
02.11.2022

Ei fersk PwC-undersøking viser at bedriftene i Møre og Romsdal framleis har eit stykke att, før dei etterlever krava som følgjer av den nye openheitslova.

Lova trådte i kraft i sommar, og gjeld krav til grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i eigen verksemd – og leverandørkjeden.

Då undersøkinga blei lagt fram på Skaparhuset tysdag, kunne innkjøpssjef Eivind Aas i Jets Vacuum fortelje at Hareid-konsernet hadde gjort si første sokalla aktsomheitsvurdering kring openheitslova.

Alle leverandørar må vere godkjende
Bedriftene som er omfatta av lova, skal gjere aktsomheitsvurderingar og gjere greie for desse regelmessig. Alle har også rett til å få svar om dette, ved å rette eit skriftleg spørsmål til selskapet.

– Det begynner å bli ein del av rutinene i selskapet. Vi er avhengige av at alle våre leverandørar er godkjende før vi handlar med dei, sa han.

Innkjøpssjefen hos Jets la ikkje skjul på at det kunne vere eit omfattande arbeid. Om dei ikkje får opplysningane dei treng, kan dei vere nøyd til å sette hardt mot hardt.

– Siste utveg er å kutte leverandørane, påpeika han.

Drygt ein av tre i gong med tiltak
PwC-undersøkinga viser at mange bedrifter ikkje har kome like langt som Jets.

36 prosent av bedriftene som svarte frå Møre og Romsdal, seier at dei er i gong med tiltak som følgje av openheitslova. 18 prosent har undersøkt forbetringsområder.

Samtidig viser svara at kring 30 prosent av bedriftene ikkje har gjort tiltak, eller veit ikkje. 16 prosent svarer at dei ikkje er berørt av dei nye lovkrava.

Færre forespørslar enn venta
Pågangen med spørsmål til bedrifter kring den nye lova har ikkje vore så arbeidskrevjande som PwC-advokat Elisabeth Midtgård hadde venta. Under presentasjonen på Skaparhuset fortalde ho at forventingane i bransjen, var at det ville kome ein «strøym» av forespørslar, ikkje minst frå media.

Midtgård viste til korleis utviklinga hadde vore for GDRP-regelverket, der merksemda no har vorte større. Slik antok Midtgård at utviklinga også ville vere for openheitslova framover.

– For å følgje kravet om å rapportere på dette regelmessig, kan eit tips vere å legge det inn i årsberetninga, la PwC-advokaten til.

Publisert: 02.11.2022 12:57

Sist oppdatert: 02.11.2022 12:57

Mer om