Jeya Balasundaram Olav Stokke Furene Jets foto marius 11
TILBAKE I ARBEID: Jeya Balasundaram er utdanna elektroingeniør. Med støtte frå mellom anna jobbkonsulent Olav Stokke i Furene med å kome tilbake i arbeid etter at ho missa jobben ved Ulstein verft. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Jeya håpar på fast jobb

I to år søkte elektroingeniøren jobb utan napp. Via Furene fekk ho sjansen hos Jets.

Marius Rosbach
29.03.2022

Jeya Balasundaram var ein dei som blei råka av nedbemanninga ved Ulstein verft. Etter at ho missa jobben i 2019, hadde ho problem med å kome seg i arbeid igjen.

– Eg søkte på jobbar i to år på eigehand. Eg var på to intervju, men fekk ikkkje tilbod om jobb, fortel 42-åringen til NETT NO.

Etter at ho fekk kontakt med Furene endra dette seg ganske raskt. Aktuelle bedrifter vart kontakta og behovet for arbeidskraft blei klartlagt.

I prosessen kom dei i kontakt med Jets-konsernet på Hareid, som hadde behov for folk, og i desember i fjor kunne ho starta opplæringsperioden.

Jeg trivest godt, men fordi det er ein litt annleis jobb, er det mykje å lære
Jeya Balasundaram

Trivst – men mykje å lære
No trivst ho godt som einaste kvinnelege ingeniøren på jobb ved Hareid-bedrifta.

– Jeg trivest godt, men fordi det er ein litt annleis jobb, er det mykje å lære, fortel ho.

Arbeidet ho gjer på Jets skil seg frå jobben på Ulstein verft. På verftet skulle ho finne ut korleis til eksempel lys, ledningar og ventiler skulle plasserast rundt på skipa.

– Då går arbeidet mykje ut på å rekne ut for mykje kabel en treng og slike ting. Hos Jets er det meir enkeltleveransar som skal dokumenterast før det skipast avgårde, fortel ho.

Håpar på fast jobb
42-åringen er ein av dei nær 200 personane arbeids- og inkluderingsbedrifta Furene fekk i jobb, eller utdanning i løpet av fjoråret.

Engasjementstillinga til Balasundaram går fram til sommaren. Ho håpar sjølvsagt på fast jobb, men førebels er ho inne i ein seks-månaderskontrakt.

Jobbkonsulent Olav Stokke ved Furene har vore med Jeya på vegen tilbake til arbeidslivet. Han fortel at tilbakemeldingane frå Jets har vore svært gode.

– Dei fortel at ho gjer ein utruleg god jobb og at dei treng slike som henne. Så får vi sjå om det kan bli ei fast stilling etter kvart, fortel Stokke.

Podium

E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet

Publisert: 29.03.2022 13:12

Sist oppdatert: 29.03.2022 14:19

Mer om