Hallstein saunes kristi gaudestad furene foto marius 11
NYTT REKORDÅR: Dagleg leiar Hallstein Saunes og avdelingsleiar Kirsti Gaudestad kunne presentere rekordgode formidlingstal for Furene i fjor. Fredag samla dei medarbeidarane til pressetreff. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Superlønnsomt med rekordmange i arbeid

Personane som fekk ein ny start via Furene i fjor gir ein samfunnsøkonomisk gevinst på meir enn 200 millionar kroner.

Marius Rosbach
25.03.2022

I løpet av fjoråret fekk Furene heile 219 personar i jobb eller utdanning. Det er ny formidlingsrekord for arbeids- og inkluderingsbedrifta.

196 personar fekk arbeid, medan 23 kom i utdanning og dagleg leiar Hallstein Saunes roste medarbeidarane sine for resultata under eit pressetreff fredag.

- Innsatsen gir eit vesentleg bidrag i samfunnsøkonomien. Men det viktigaste er dei personane som har gått frå utanforskap, til å bli inkludert. Mange som har kjent seg som ei byrde, har gått til å bli ein ressurs, understreka Saunes.

Anslått gevinst på 235 milllionar

Bransjeforeninga NHO Arbeid- og inkludering har rekna ut at kvar person som kjem i arbeid gir ein samfunnsøkonomis gevinst på 1,2 millionar kroner.

Ved å gange beløpet med dei 196 som kom i arbeid via Furene i fjor, kjem gevinsten opp i kring 235 millionar kroner.

Verdien er rekna ut frå at kvar person har vore i 50 prosent arbeid i fem år, fråtrekt kostnader med hjelp og tiltak. Årsaka til at det er teke utgangspunkt i halv stilling, er at det er snittet for dei som kjem i arbeid via inkluderingsbedriftene.

Folk med ulik bakgrunn og erfaring
Bedrifta har hovudkontor i Furene i Volda, med avdelingar i Ørsta, Dragsund, Fiskå og Ulsteinvik.

Det er eit vidt spekter av folk som er innom Furene. Dei kan vere alt frå ufaglærte til høgt utdanna, og har ulik bakgrunn og erfaringar.

I tillegg til formidling har Furene også nær 60 faste tilrettelagte arbeidsplassar ved avdelingane i Furene og Dragsund. Dette er gjerne aktuelt for personar som er uføre.

Bedrifta er eigd av Norges handikapforbund, Møre og Romsdal fylkeskommune og ni kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord.

Publisert: 25.03.2022 13:00

Sist oppdatert: 01.04.2022 13:01

Mer om
Annonsørinnhold