Havila kystruten molde foto kjetil 11
MOLDE: Snorklippingsseremoni under Havila Capella sitt første stopp i Molde. F.v. marknadsdirektør Tor Johan Pedersen i Havila Kystruten, reiselivssjef Torunn Dyrkorn, ordførar Torgeir Dahl, hamnesjef Olav Akselvold og kommunikasjonsansvarleg Torill Myren i Havila Kystruten. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Moldensarene vil sjå Kystruten i dagslys

Skipa har berre ein halv time liggetid i byen på kveldstid. Det er ordførar Torgeir Dahl misnøgd med.

14.12.2021

- Vi moldensarar vil også gjerne sjå desse fantastiske skipa i dagslys, seier han etter at Havila Capella har lagt til kai i Molde seint måndag kveld.

På nordgåande ligg skipa til Hurtigruten og Havila Kystruten i Molde ein halvtime om kvelden, frå klokka 22.35 til klokka 23.05.

Ti timar i Ålesund
Også skipa på sørgåande rute kjem til Molde om kvelden, og nok ein gong er det berre snakk om ein halvtime, frå 21.15 til 21.45.

Samstundes ligg skipa ti timar i Ålesund på nordgåande når skipa ikkje tek turen om Geirangerfjorden, frå 09.45 til 20.00.

- Vi skulle gjerne sett at ein fekk til ei løysing med lengre liggjetid i Molde, seier Dahl.

Liten verdiskaping
Dahl viser til at med så kort liggjetid er det ikkje muleg å organisere utflukter i Molde.

- Verdiskapinga for Molde vert liten.

Det er i dag tilbod der reisande kan gå av i Ålesund, og vere med på ein rundtur der ein vert transportert med buss til Molde.

- Dette vert uansett ikkje fullgode løysingar, seier Dahl.

Viktig konkurranse
Han rosar uansett satsinga til Havila Kystruten og reiar Per Sævik.

- Havila Capella er eit fantastisk skip, og det er viktig at Hurtigruten no får konkurranse. Det er bra for alle.

Han viser til at det har vore masse utfordringar undervegs, med spansk verftskonkurs, tyrkiske forseinkingar og korona.

- Det har vore ein langt motbakke, men om nokon skulle klare dette, så er det Per Sævik, seier Dahl.

Om nokon skulle klare dette, så er det Per Sævik
Torgeir Dahl

Forstår frustrasjonen
Administrerande direktrør Bent Martini i Havila Kystruten forstår frustrasjonen til Molde-ordføraren.

- Dagens ruteplan er noko som er bygt opp over lang tid, og det er Samferdsledepartementet som bestemmer.

- Men departemenet lyttar til innspel frå aktørane, så det kan vere muleg å få til endringar, men det er ikkje vi som bestemmer.

Sjå video frå seglasen måndag:

Publisert: 14.12.2021 09:09

Sist oppdatert: 14.12.2021 13:47

Mer om