Nyvinninga vart presentert på offshoremessa ONS i Stavanger denne veka, opplyser Rolls-Royce Marine i ei pressemelding.
Krana er tilpassa løft på store djupn, og ifølgje Rolls-Royce kan no ei 250 tonns kran gjere løft på 2.500 meter djupne der ein tidlegare måtte bruke ei 400 tonns-kran.
– Når ei mindre kran kan gjere same jobben, kan potensielt også eit mindre skip nyttast til kranoperasjonar offshore.
- Ei mindre og lettare kran er også ein fordel for stabiliteten til skipet når krana er i drift, og kan gi lavere drivstofforbruk, seier Johnny Aarseth, produktansvarleg for kran hos Rolls-Royce i Ålesund, i pressemeldinga.
Den nye fibertaukrana kjem i fleire størrelsar opp til 400 tonn.
Eit fibertau veg svært lite i vatn, og lengda med tau som vert spola ut påvirkar difor ikkje løftekapasiteten til krana.
Den nye krankonstruksjonen er også lettare på grunn av eit nytt industridesign, som i tillegg vil gi mindre islast under iskalde forhold.
Rolls-Royce har i tillegg utvikla eit elektronisk kontrollsystem for fibertauhandtering.
– Kontrollsystemet overvåkar operasjonen og tilstanden til tauet, og seier fra når det er tid for inspeksjon og reparasjon, seier Aarseth.
På krana er det også eit nyutvikla styrehus som ifølgje Rolls-Royce er godt beskytta mot støy og med god oversikt.
- Her har operatøren gode arbeidsforhold med oppvarming og aircondition, touchskjermer, operatørstol, eigen stol for co-pilot og styrehuset kan også leverast med toalett om det skulle være ønskjeleg.
Krana er tilpassa løft på store djupn, og ifølgje Rolls-Royce kan no ei 250 tonns kran gjere løft på 2.500 meter djupne der ein tidlegare måtte bruke ei 400 tonns-kran.
– Når ei mindre kran kan gjere same jobben, kan potensielt også eit mindre skip nyttast til kranoperasjonar offshore.
- Ei mindre og lettare kran er også ein fordel for stabiliteten til skipet når krana er i drift, og kan gi lavere drivstofforbruk, seier Johnny Aarseth, produktansvarleg for kran hos Rolls-Royce i Ålesund, i pressemeldinga.
Den nye fibertaukrana kjem i fleire størrelsar opp til 400 tonn.
Lavare driftskostnader
Rolls-Royce opplyser at Aarseth og resten av teamet bak nyutviklinga har jobba lenge med å finne ei driftssikker løysing som også er konkurransedyktig. Her er lavare driftskostnader for kundane ein nøkkel.Eit fibertau veg svært lite i vatn, og lengda med tau som vert spola ut påvirkar difor ikkje løftekapasiteten til krana.
Den nye krankonstruksjonen er også lettare på grunn av eit nytt industridesign, som i tillegg vil gi mindre islast under iskalde forhold.
Spleising om bord
Rolls-Royce opplyser at dersom eit fibertau blir skada kan ein ny seksjon enkelt flettast inn, og spleisinga kan gjerast om bord. CTCU-eininga (fibertauvinsja) under dekk som høyrer til den nye kranløysinga er laga for å handtere auken i diameter på tauet som oppstår ved spleising.Rolls-Royce har i tillegg utvikla eit elektronisk kontrollsystem for fibertauhandtering.
– Kontrollsystemet overvåkar operasjonen og tilstanden til tauet, og seier fra når det er tid for inspeksjon og reparasjon, seier Aarseth.
På krana er det også eit nyutvikla styrehus som ifølgje Rolls-Royce er godt beskytta mot støy og med god oversikt.
- Her har operatøren gode arbeidsforhold med oppvarming og aircondition, touchskjermer, operatørstol, eigen stol for co-pilot og styrehuset kan også leverast med toalett om det skulle være ønskjeleg.
Når ei mindre kran kan gjere same jobben, kan potensielt også eit mindre skip nyttast til kranoperasjonar offshore
Publisert: 01.09.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00






