Kan likevel faa dekka utgifter til smittevern
BRATTVÅG: Vard-topp Erik Haakonsholm fortalde at ingen av krisetiltaka - bortsett frå permisjonsordningane - har treft konsernet så langt. Dei ber om hjelp til å dekke daglege utgifter på ein halv million kroner til smittevern. 
Nytt

Kan likevel få dekka utgifter til smittevern

Til no har smittevern kosta Vard nær 100 millionar. Statsministeren er på gli når det gjeld å dekke utgiftene.

Marius Rosbach
07.11.2020
Så langt har ikkje regjeringa vore på gli i spørsmålet om å dekke direkte utgifter til smitteverntiltak. Men då statsminister Erna Solberg besøkte Vard-verftet i Brattvåg tysdag, fortalde ho at regjeringa såg på ei slik krisehjelp.
– Vi ser på dei spørsmåla no, fordi smitten er høgare og det er stilt strengare krav, som gjer at utgiftene er høgare, svarte Solberg på spørsmål frå NETT NO.
Ho ville ikkje svare på kor vidt det kan vere aktuelt å dekke tidlegare utgifter, eller berre utgifter frå tidspunktet for ei slik ordning eventuelt blir innført.

Meir frå statsministerbesøket:






Minst 45 mill. i direkte utgifter

Vard har hatt store utgifter i samband med smittevern, heilt sidan koronapandemien slo til i mars. Allereie i vår kunne konsernet fortelje at .

Per utgangen av oktober er utgiftene kome opp i minst 45 millionar kroner.
Vard-sjef Erik Haakonsholm påpeika at kostnadene med forseinka prosjekt ikkje var rekna inn i den summen, og anslo at dei indirekte kostnadene truleg utgjorde minst like mykje. Det betyr utgifter på til saman nær 100 millionar kroner.
– Konsekvensane av dette er dramatiske for oss, sa Haakonsholm.

Utgiftene auker med nye reglar

Kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll fortalde at eit konservativt anslag tilseier utgifter på ein halv million kroner om dagen. Med nye krav om ti dagar i karantene som no, aukar dei samla utgiftene ytterlegare.
– Vi hadde håpt på at vi kunne få ein form for kompensasjon for desse utgiftene, sa Akselvoll.

Alle blir testa to gonger

Var har ein rekke utanlandske arbeidarar i sving. Konsernet har omfattande rutinar der alle arbeidarar som kjem frå utlandet, og som er strengare enn reglane frå styresmaktene.
Alle tilsette som kjem til Norge blir testa først ein gong – så ein gong til.
– I tillegg har vi i all hovudsak den meste av tida hatt folk i karantene i sju-åtte dagar, fortel Akselvoll.

31 av 3800 testar positive

Alle arbeidarane til Vard blir innlosjert på brakkeriggen på Trohaugen der selskapet har medisinsk personell og tilrettelagte buforhold. Frå mars til oktober har 2500 arbeidarar vore gjennom dette opplegget.
Til saman har Vard utført 3800 covid-19-testar og 31 har testa positivt. Akselvoll fortalde at 28 av desse testa positivt på første test, og tre på dei seinare.
– Det er godt å sjå at ingen har vorte smitta av andre på riggen, sa ho til.
Ho påpeika samtidig at ingen av dei som testa positivt, hadde symptom eller var sjuke.

Fleire år med store tap

Akselvoll tok føre seg korleis konsernet har lukkast med å legge om frå offshore til nye marknader ikkje minst cruise. Ho erkjente samtidig at selskapet ikkje hadde lukkast på det økonomiske området.
Underskota har vore i milliardklassen i fleire år, og eigarane i Fincantieri har stilt opp med betydelege midlar.
– Vi har heldigvis ein sterk eigar i rygger som har slutta opp om omstillinga og tilført 290 millionar euro i eigenkapital, påpeika Akselvoll.
Kommunikasjonssjefen påpeika at det ikkje var ein situasjon dei kunne leve med over tid.
– Vi kan ikkje berre basere oss på at dei skal skyve pengar inn i selskapet, og vi må stå på eigne bein, fortalde ho.

Les også:





Publisert: 07.11.2020 19:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04