Kan plukke rett fisk med nytt ekkolodd
NYTT SPRANG. Egil Ona er professor i fiskeriakustikk ved Havforskingsinstituttet. No har han vore med og utvikla ein ny generasjon ekkolodd som han meiner vil gi fiskarane store fordelar, og vere med på å hindre unødvendig neddreping av fisk.
Nytt

Kan plukke rett fisk med nytt ekkolodd

Siste generasjon ekkolodd ser både kor mykje sild som er i ein fiskestim, og også om silda har storleiken skipperen er på jakt etter.

14.01.2014
- Det er det same som kvalen gjer når dei inspiserer målet, seier Egil Ona, om den nye generasjonen ekkolodd.
Det er snakk om ekkolodd som sender ut mange fleire frekvensar enn ekkolodda som er vanleg i dag, og avansert programvare for å bearbeide og tolke ekkoloddbølgene som blir returnert.
Ona er professor i fiskeriakustikk ved Havforskingsinstiutttet i Bergen. Saman med Simrad har han vore med og utvikla det nye ekkoloddet og teknologien som høyrer til. I morgon presenterer han ekkolodd-teknologien på fiskeriteknologikonferansen FishTech i Ålesund.
Dette er norsk teknologi i verdsklasse, meiner Ona.

Nytt sprang

Det førre store spranget i ekkolodd-utviklg kom rundt år 2000. Kom du nær nok med dei ekkolodda kunne du registrere organismar ned på raudåtenivå. Raudåte er eit lite krepsdyr på omlag ein millimeter, som er næringsgrunnlaget for mykje av fisken i norske farvatn.
Med dei nye ekkolodda og programvaren som er utvikla for å tolke signala som blir sendt attende, kan du både skille mellom ulike fiskeartar i ein fiskestim på lang avstand, og også sjå om storleiken på til dømes silda i stimen er slik du vil ha den.
Ona anslår at du må ha hundre av 2000-generasjonen ekkolodd for å oppnå det same som det eitt av dei nye. Og sjølv då vil du kanskje ikkje greie det, fordi dei gamle ekkolodda manglar den avanserte programvaren som er utvikla saman med den nye generasjonen ekkolodd.

Lettar fisket

Det er først og fremst i ringnotflåten og sildefisket det nye ekkoloddet skal takast først i bruk. I dag er det vanskeleg å vere heilt sikker på kva som er i nota, før nota er samla nok til at det er råd å ta prøver av fangsten. Då er det rett og slett for seint for fisken.
Resultatet blir heilt unødvendig neddreping av fisk. Det tar også av kvota til fiskebåten, og reduserer overskotet, fordi prisen på fangsten i beste fall er dårlegare enn for den fisken og storleiken skipperen eigentleg skulle ha.
Med det nye ekkoloddet kan skipperen finne ut om kva som er i stimen, og om fisken eventuelt har den skipperen jaktar på før nota i det heile blir sett i sjøen.
Ein kjempefordel for fiskarane, meiner Ona.
- Dette vil gi dei heilt andre høve til å regulere fisket, seier han.
Det er det same som kvalen gjer når dei inspiserer målet

Publisert: 14.01.2014 19:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30