Automat Convene 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
GOD BUTIKK: Convene-systemet sine betalingsløysingar og betalingautomatar finn du igjen på mange legekontor. Driftsselskapet tener framleis gode pengar, men gjelda i konsernet skaper vanskar.
Nytt

Kjapp avklaring for Convene

Fekk ja til å vente med å betale millionlån.

25.01.2023

I formiddag sende selskapet Convene Holding ut melding om at selskapet ikkje kan betale attende det børsnoterte obligasjonslånet på 350 millionar kroner innan fristen 30. januar.

Klokka 15:12 kom børsmeldinga om av obligasjonslångivarane hadde sagt ja til å forlenge fristen til 1. juli i år.

Les børsmelding her

Den nye fristen gir selskapet og kreditorane meir tid til å finne ei løysing på gjeldsproblema til selskapet. Convene Holding har eit obligasjonslånt til, på ein milliard kroner.

Betalingsterminalar
Convene eig Convene - tidlegare Melin Medical - som levere betalingsterminalar og handterer betalingskrav for legekontor landet rundt.

Driftselskapet leverer solide resultat og har gått med overskot kvart år sidan starten, men milliardgjelda gjer at eigarselskapet Convene Holding vaklar.

Convene Holding er eigd av selskapet Convene Invest, som i november 2022 inngjekk ein sal/tilbakekjøpsavtale for aksjane sine i Convene Holding.

Avtalen inneber at stiftinga Refectio har kontrollen over aksjane i Convene Holding medan det blir forhandla om ei refinansiering av milliardlånet. Refectio er ei stifting oppretta av Nordic Trustee - som forvaltar interessene til långivarane i obligasjonsmarknaden - for å vere eit reiskap for å handtere situasjonar som denne.

Starta på Sandane
Største aksjonær i Convene Invest er Codee Holding, selskapet til Convene-grunnleggar Jesper Melin Ganc-Petersen.

Han klekte ut ideen til Melin Medical medan har var fastlege på Sandane.

Milliardgjelda, som no er problemet, skriv seg frå 2017.

I 2017 selde Ganc-Petersen og dei andre Melin Medical-eigarane selskapet til eit nytt lånefinansiert selskap i ein transaksjon som verdsette selskapet til 1,7 milliardar kroner.

600 millionar vart skote inn i det nye selskapet, medan resten gjekk til eigarane. Det frigjorde over ein milliard kroner, samstundes som fleirtalet av dei opphavlege eigarane vart med vidare, skreiv Dagens Næringsliv i 2017.

Publisert: 25.01.2023 16:22

Sist oppdatert: 25.01.2023 16:23