Jez Sims Lloyds Register foto Ogne
HINDER: Jez Sims i klassifiseringsselskapet Lloyds Register. Manglande regelverke er flaskehalsen for silvil marin kjernekraft, etter hans vurdering. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kjernekraft til sjøs treng internasjonalt regelverk

Det største hinderet er ikkje teknologi, men mangel på regelverk.

18.01.2024

Over 70 var påmeldt då klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime inviterte til heildagsmøte om kjernekraft i skipsfarten denne veka. Det er tredje år på rad GCE arrrangerte møte om temaet.

Skip med kjernekraftverk ombord som energikjelde blei tatt i bruk på 1950-talet, først og fremst i militære fartøy. I samband med diskusjonen om korleis CO2-utsleppa frå skipsfarten kan reduserast, har interessa for kjernekraft i sivile skip skote fart.

Regelverk er største hinder
For skipsfart i nasjonale farvatn kan kvar stat sjølv sette reglane, men i internasjonal skipsfart, der dei største og mest energikrevande fartøya går, må det eit internasjonalt regelverk på plass.

Per i dag er det manglane på eit slikt regelverk som er det største hinderet for å ta i bruk kjernekraft i sivil skipsfart, ifølgje Jez Sims i klassifiseringsselskapet Lloyds Register.

Det handlar mellom anna om reglar for korleis skip som går på kjernekraft skal vernast mot fysiske angrep og sabotering av fartøya, og sikre tryggleiken til kjernekraftanlegg ombord. Reglane må samstundes vere slik at skipa slepp å måtte forhalde seg til krav som forseinkar og fordyrar transporten.

Meiner kjernekraft er løysinga
Inge Bertil Straume og Vegard Nesset Hjelvik i skipsdesignselskapet Skipsteknisk sa i NETT NO tidlegare denne veka at dei ser på kjernekraft som naudsynt for å få fiskeflåten CO2-utsleppsfri.

Skipsteknisk har arbeidd med både hydrogen- og ammoniakk-løysingar, men vurderer det no slik at kjernekraft må til.

Ulstein-ide
I 2022 lanserte Ulstein Group eit skip med kjernekraftverk ombord som kan fungere som ein kraftstasjon der cruiseskip på batteri kan kome og få lada batteria til hava.

I fjor presenterte Ulstein Group korleis selskapet ser for seg at ideen kan brukast i fiskeri. I tillegg til kjernekraftverk ombord skal det nye fartøyet skal mellom anna ha helikopterdekk, gangbru til for eksempel fiskefartøy som skal skifte mannskap, fungere som eit fiskemottak og ha fabrikk for vidareforedling - før foredla produkt blir frakta over til transportfartøy som tek fisken til lands.

Fartøyet skal og utrustast med ni meter lange sjølvstyrte dronar for å leite etter fangst og 15 meter lange sjølvstyrte fiskefartøy.

Latteren stilna
Jan Emblemsvåg har jobba med, og markert seg i det offentlege ordskiftet om kjernekraft sidan han vart professor ved NTNU i Ålesund i 2020.

Han registrerer ei haldningsendring til atomkraft. I starten ble det litt ledd av, men det gav seg fort, seier han.

I sitt innlegg på kjernekraftmøtet til GCE Blue Maritime sa Emblemsvåg at energibehovet til skipsfarten tilsvarar tre gangar elektrisitetsproduksjonen i EU.

Emblemsvåg sitt poeng er det same som han framførte i 2021, at kjernekraft er naudsynt for å skaffe nok energi for å erstatte bruken av fossile energikjelder. .

Publisert: 18.01.2024 08:30

Sist oppdatert: 18.01.2024 09:38

Mer om