- Vi er veldig glade for at vi no er i mål, seier Kjersti Kleven.
Ei gruppe investorar, med Hurtigruten i spissen, skyt inn 300 millionar kroner i Kleven og sikrar vidare drift.
I dag skal Kjersti Kleven bruke mykje tid på å informere tilsette, med allmøte både på verftet i Ulsteinvik og på Myklebust Verft i Sande.
Klevenefamilien skal framleis vere med, sjølv om familien ikkje blir sittande med aksjemajoriteten.
- Vi kjem til å vere med vidare, og fortsette å vere aktive eigarar, seier Kleven.
Men arbeidet med å styrke selskapet var i gang alt i fjor.
- Vi har jobba med kapitalsituasjonen i selskapet i eitt år, seier Kleven.
Kjersti Kleven seier også dei eksisterande aksjonærane - først og fremst Klevenfamilien - vil legge sitt eigarskap inn i det nyoppretta investeringsselskapet.
Kleven går ikkje ut med nøyaktig fordeling av det nye eigarskapet, men det er uansett klart at det blir Hurtigruten/Stordalen og TDR som blir den største grupperinga.
I juli vart det kjent at dei tilsette yter eit ansvarleg lån på 24 millionar kroner, finansiert gjennom månadlege trekk i løna.
- Eit viktig signal, også inn mot nye investorar, seier Kleven.
Ei gruppe investorar, med Hurtigruten i spissen, skyt inn 300 millionar kroner i Kleven og sikrar vidare drift.
I dag skal Kjersti Kleven bruke mykje tid på å informere tilsette, med allmøte både på verftet i Ulsteinvik og på Myklebust Verft i Sande.
Klevenefamilien skal framleis vere med, sjølv om familien ikkje blir sittande med aksjemajoriteten.
- Vi kjem til å vere med vidare, og fortsette å vere aktive eigarar, seier Kleven.
Arbeidd i eitt år
Store underskot dei siste åra har tæra på eigenkapitalen til Klevenkonsernet, og i årsmeldinga for 2016 skreiv selskapet at det hadde leigd inn rådgivarar for å skaffe ny kapital.Men arbeidet med å styrke selskapet var i gang alt i fjor.
- Vi har jobba med kapitalsituasjonen i selskapet i eitt år, seier Kleven.
Ny eigarsituasjon
Hurtigruten kjem inn som medeigar i Klevenkonsernet gjennom eit nyoppretta investeringselskap, der Hurtigruten, Petter Stordalens investeringsselskap og det britiske investeringsselskapet TDR skal eige i overkant av 40 prosent. Dei andre investorane er Åge Remøy og Magnus Roth gjennom InYard Invest, det familieeigde tyske selskapet Lürssen-Group og investoren Per Lillebø.Kjersti Kleven seier også dei eksisterande aksjonærane - først og fremst Klevenfamilien - vil legge sitt eigarskap inn i det nyoppretta investeringsselskapet.
Kleven går ikkje ut med nøyaktig fordeling av det nye eigarskapet, men det er uansett klart at det blir Hurtigruten/Stordalen og TDR som blir den største grupperinga.
Godt signal
Kjersti Kleven rosar tilsette og tillitsvalde for handteringa av situasjonen.I juli vart det kjent at dei tilsette yter eit ansvarleg lån på 24 millionar kroner, finansiert gjennom månadlege trekk i løna.
- Eit viktig signal, også inn mot nye investorar, seier Kleven.
Vi er veldig glade for at vi no er i mål
Publisert: 08.09.2017 10:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13