Tysdag vart den nye hurtigbåten M/S Godøy døypt av gudmor Aurora Dimmen Bratli. Dette er den første av fleire nye hurtigbåtar, som frå nyttår skal trafikkere hurtigbåtrutene i Møre og Romsdal, opplyser fylkeskommunen i .
Frå og med 1. januar 2017, er det Boreal Sjø AS som tek over drifta for dei fire hurtigbåtrutene som fylkeskommunen har ansvar for. Alle fartøya vil no få Fram sin profil.
- Her er tryggleik høgt vektlagt, og med eit flåtesystem som gir tørrskodd evakuering, seier rådgivar i fylkeskommunen Benedicte Bjerkvik i pressemelinga.
Bjerkvik fortalte at M/S Godøy er den største hurtigbåten i landet når det gjeld tal på sitteplassar for passasjerar på eit dekk.
– For Møre og Romsdal er hurtigbåt eit viktig transportmiddel, og vi er fornøgd med at eit så flott fartøy skal bli ein del av kollektivtilbodet vårt, fortalte Bjerkvik.
Etter dåpen fortsette M/S Godøy ferda mot Ålesund, klar for å bli tatt i bruk ved nyttår.
M/S Godøy er den fjerde nye store hurtigbåten som skal trafikkere Hareidruta.
– Fartøyet er bygd i tett samarbeid med verftet for å finne dei beste løysingane innanfor dagens teknologi til det beste for miljøet, seier Kjetil Førsvoll, styreleiar i Boreal Sjø AS.
Førsvoll seier dei har god erfaring med å jobbe med Oma Baatbyggeri.
– Dei er pålitelege og dei held det dei lovar.
Frå og med 1. januar 2017, er det Boreal Sjø AS som tek over drifta for dei fire hurtigbåtrutene som fylkeskommunen har ansvar for. Alle fartøya vil no få Fram sin profil.
Tryggleik vektlagt
–MS Godøy er eit topp moderne fartøy bygd etter dei siste internasjonale klassereglane for hurtigbåtar. Fartøyet er utrusta med alt det siste innan navigasjon og radarar.- Her er tryggleik høgt vektlagt, og med eit flåtesystem som gir tørrskodd evakuering, seier rådgivar i fylkeskommunen Benedicte Bjerkvik i pressemelinga.
Bjerkvik fortalte at M/S Godøy er den største hurtigbåten i landet når det gjeld tal på sitteplassar for passasjerar på eit dekk.
– For Møre og Romsdal er hurtigbåt eit viktig transportmiddel, og vi er fornøgd med at eit så flott fartøy skal bli ein del av kollektivtilbodet vårt, fortalte Bjerkvik.
Etter dåpen fortsette M/S Godøy ferda mot Ålesund, klar for å bli tatt i bruk ved nyttår.
M/S Godøy er den fjerde nye store hurtigbåten som skal trafikkere Hareidruta.
- Held det dei lovar
Båten er bygd på Stord av Oma Baatbyggeri AS. Når det gjeld namnet MS Godøy, vart det valt med bakgrunn i at denne båten vil gå forbi Godøya på kvar tur mellom Ålesund og Hareid.– Fartøyet er bygd i tett samarbeid med verftet for å finne dei beste løysingane innanfor dagens teknologi til det beste for miljøet, seier Kjetil Førsvoll, styreleiar i Boreal Sjø AS.
Førsvoll seier dei har god erfaring med å jobbe med Oma Baatbyggeri.
– Dei er pålitelege og dei held det dei lovar.
Publisert: 23.11.2016 12:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04