Nytt
Klar for kraftverk på skip
Offshorereiarlaget Uksnøy & Co skal montere bølgekraftverk ombord på eigne skip. Skal spare drivstoff.
02.11.2017
Reiarlaget ha inngått avtale med bølgekraftverk-produsenten Hydrowave om å installere bølgekraftverk ombord. Straks første kunden for å leige eit slikt skip er på plass blir anlegget montert på skutesidene. Elektrisiteten skal lagrast i batteri og brukast i drifta av skipet,
Dagleg leiar Øystein Uksnøy seier selskapet er i samtalar med interesserte kundar, men kan ikkje kommentere når den første kontrakten er på plass.
Statoil vil ha ned CO2-utsleppa og redusere drivstoffkostnadane - som oljeselskapa dekkjer når dei leiger offshorerfarty. Batteri ombord gjer det råd å lagre energi frå bølgekraftverk, og Uksnøy meiner det opnar for betydleg reduksjon i bruken av fossilt drivstoff.
Anlegget Uksnøy & Co skal montere på kvar skuteside blir montert på skinner og heist opp og ut av sjøen når skipet er i fart.
- Det er ikkje eit levebrød for meg, det er sjølve livet. Å gi opp er ikke eit alternativ, sa han då han presenterer bølgekraftanlegget saman med Øystein Uksnøy på Havvind-seminaret på ÅKP Blue Innovation Arena i går.
Avtalen med Hydrowave inneber at Uksnøy & Co skal stå for marknadsføring og sal av bølgjekraftverka i skipsmarknaden.
Ein prototype er testa ut ved Selje i 2014, og no er det klart til kommersialisering.
Det blir også arbeidd for å sette variantar av anlegget på lektarar for produksjon av straum som skal knytast til nettet på land.
Dagleg leiar Øystein Uksnøy seier selskapet er i samtalar med interesserte kundar, men kan ikkje kommentere når den første kontrakten er på plass.
Statoil-krav skaper etterspørsel
Uksnøy peikar mellom anna på kravet frå Statoil om batteri ombord i offshorefartya som eit tiltak som stimulerer etterspørsel etter bølgekraftverk ombord.Statoil vil ha ned CO2-utsleppa og redusere drivstoffkostnadane - som oljeselskapa dekkjer når dei leiger offshorerfarty. Batteri ombord gjer det råd å lagre energi frå bølgekraftverk, og Uksnøy meiner det opnar for betydleg reduksjon i bruken av fossilt drivstoff.
Hotellskip
Uksnøy & Co har dei siste åra leigd ut seismikkskipet "Geo Barents" som hotellskip, altså eit skip som ligg stille. Det er ved den typen operasjonar - skip som ligg stille og blir brukt som til overnatting og forpleiing, vaktfarty og standbyfarty - at bølgekraftverk på skipet skal brukast.Anlegget Uksnøy & Co skal montere på kvar skuteside blir montert på skinner og heist opp og ut av sjøen når skipet er i fart.
Gir aldri opp
Geir Arne Solheim er største eigar og primus motor bak Hydrowave og Havkraft - som eig rettane til oppfinninga bak bølgekraftanlegget. Han har arbeidd med ideen og utviklinga av den sidan 1998. Så langt er det investert rundt 20 millionar kroner utviklinga av bølgekraftverka.- Det er ikkje eit levebrød for meg, det er sjølve livet. Å gi opp er ikke eit alternativ, sa han då han presenterer bølgekraftanlegget saman med Øystein Uksnøy på Havvind-seminaret på ÅKP Blue Innovation Arena i går.
Avtalen med Hydrowave inneber at Uksnøy & Co skal stå for marknadsføring og sal av bølgjekraftverka i skipsmarknaden.
Lufttrykk
Bølgjekraftverka er basert på at bølgjene rullar inn i kammer og sett luft under trykk. Når bølgjene går tilbake blir det undertrykk i kammeret og dette trykker set rotorar i rørsle og lagar elektristet.Ein prototype er testa ut ved Selje i 2014, og no er det klart til kommersialisering.
Det blir også arbeidd for å sette variantar av anlegget på lektarar for produksjon av straum som skal knytast til nettet på land.
Det er ikkje eit levebrød for meg, det er sjølve livet. Å gi opp er ikke eit alternativ
Publisert: 02.11.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15