Peggy hessen folsvik foto npk ntb 11
STREIKEVILJE: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik ser ikkje vekk frå at lønnsoppgjeret i år kan ende i streik. Det vil i så fall vere første gong sidan krigen det blir streik i eit mellomoppgjer. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Nytt

Klart for hard mekling i lønnsoppgjeret

– Lenge sidan vi har stått så langt frå kvarandre, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

05.04.2021

(NPK-NTB-Bibiana Piene): Fredag går startskotet for meklinga i lønnsoppgjeret. Det går mot ein real batalje mellom LO og YS og motparten NHO på kontoret til Riksmeklaren.

– Det er lenge sidan vi har stått så langt frå kvarandre, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til NTB.

Dersom partane ikkje blir samde innan natt til søndag, kan det bli streik. Det vil i tilfelle vere første gong sidan krigen at det blir streik i eit mellomoppgjer, der det berre blir forhandla om lønn.

– Vi går alltid inn i forhandlingar og mekling med mål om å semjast utan å bruke streikevåpenet. Men i år blir det ikkje enkelt å komme i mål, erkjenner Følsvik.

Tysdag kjem LO til å varsle plassoppseiing for 179.002 medlemmer, medan YS vil gjere det same for vel 15.000 medlemmer. Då blir det òg kjent kor mange og kva grupper som eventuelt blir tekne ut i streik.

Væpna med argument
Når dei møtest hos Riksmeklaren fredag, vil begge sider stille godt rusta med argument for sitt syn.

Både LO og YS krev at kjøpekrafta må haldast oppe, og at låglønte må sikrast eit ekstra tillegg.

NHO held på si side fast på at norsk næringsliv må skjermast mot for bratt lønnsstigning etter koronapandemien, og peikar på at lønningane i industrien – eller frontfaget – ikkje må auke meir enn hos handelspartnarane våre, om vi skal ta vare på konkurranseevna.

Overslaga seier at lønnsauken blir på rundt 2,2 prosent. Det er likevel godt under den forventa prisveksten på 2,8 prosent, og kravet frå NHO inneber derfor i realiteten ein reallønnsnedgang og svekking av kjøpekrafta.

– Få i gang samfunnshjula
Og akkurat det er svært uheldig når Noreg skal komme seg på fote igjen etter pandemien, meiner LO.

– Det er viktig å sikre at folk har ei inntekt som gjer at samfunnshjula kjem i gang igjen, påpeika Følsvik då partane møttest til den første runden i ringen i slutten av mars.

Då gjekk dei frå kvarandre lenge før klokka ringde. LO braut forhandlingane og skulda NHO for manglande forhandlingsvilje.

Overfor NTB understrekar Følsvik at LO i år har moderate krav.

– Vi har i utgangspunktet eit moderat krav om å sikre, ikkje auke kjøpekrafta. Det er jo ei sterk føring for moderasjon. Vi har eit veldig klart mandat frå representantskapet vårt. Det er heilt uaktuelt å akseptere ein reallønnsnedgang, slår LO-leiaren fast.

Forhandlingane for frontfaget skal ende opp i ei ramme for lønnsauken, som dannar norma for andre grupper.

Krev solid løft
Forhandlingane blir ikkje enklare av at både lærarar og sjukepleiarar krev eit solid lønnsløft etter å ha stått i frontlinja i pandemien i over eitt år. Offentleg tilsette er òg mektig sure over at dei var dei einaste som retta seg etter fjorårsramma på 1,7 prosent, medan privat sektor til dels enda langt over.

Forhandlingane for offentleg sektor startar i slutten av april.

Følsvik seier at LO ikkje vil leggje seg opp i forhandlingane deira, men understrekar samtidig at desse gruppene må respektere den ramma som blir sett for frontfaget.

– Det er heilt utenkjeleg at enkelte grupper i offentleg sektor, som lærarar og sjukepleiarar, skal gå ut over denne. Då risikerer vi at frontfagsmodellen blir sprengd. Det vil vere ei svært uheldig utvikling, seier ho.

Industriarbeidarar provosert
Også industriarbeidarane har late seg provosere av NHO-kravet om reallønnsnedgang. Blant LO-medlemmene er det stor vilje til å gå til streik dersom ikkje resultatet hos Riksmeklaren sikrar at kjøpekrafta blir halden oppe.

– Eg oppfattar at det er stor streikevilje for eit solidarisk oppgjer, uttalte leiar i Fellesforbundet Jørn Eggum før påske.

(©NPK)

Publisert: 05.04.2021 13:18

Sist oppdatert: 05.04.2021 13:30

Mer om