Tormund grimstad nordbas sjøsetting 11 foto nordnes
SJØSETTING: Nordnes-reiar Tormund Grimstad fotografert då nye Nordbas vart sjøsett ved Kleven. Ombygginga kosta reiarlaget dyrt, og selskapet har eit betydeleg krav dei håpar å få dekka noko av som følgje av søksmålet mot den tidlegare Kleven-eigaren. Foto: Nordnes
Nytt

Klart for søksmål etter forsøk på forlik

Lokale selskap har store uteståande beløp etter Kleven-konkursane. – Utruleg at vi ikkje knakk ryggen, seier Giske-reiar.

Marius Rosbach
23.09.2023

Allereie tidleg i år vart det klart at buet etter Kleven-konkursane ville møte den tidlegare verftseigaren, Tomislav Debeljak, til søksmål i Hordaland tingrett i haust.

Seks veker før saka startar opp stadfestar bustyrar Bjørn Åge Hamre at det er gjort forsøk på forlik om kravet på 193 millionar kroner frå den kroatiske forretningsmannen.

– Det er gjort nokre sonderingar undervegs, men det er ikkje noko forlik per i dag, seier han til NETT NO.

Skal for retten i november
Hamre fortel at det er lenge sidan buet hadde kontakt med Debeljak, men antek at han vil møte i tingretten når saka kjem opp 8. til 16. november.

– Han er jo personleg saksøkt, så av den grunn bør han ha interesse av det, legg han til.

Det er óg teke ut stemning på opptil 30 millionar kroner mot forsikringsselskapet Tryg, som teikna forsikring om styreansvar for kroaten.

Bjørn Åge Hamre foto Ogne
BUSTYRAR: Bjørn Åge Hamre er bustyrar for Kleven-konkursane. Meir enn tre år etter konkursane, kjem søksmålet mot den tidlegare eigaren opp for retten. Foto: Ogne Øyehaug

Stort Vegsund Slip-krav
Ein rekke lokale selskap er blant dei som fremma krav i kjølvatnet av Kleven-konkursane. I årsberetninga frå bustyraren i fjor vart det lista opp 222 ulike krav på til saman 322 millionar kroner.

Det største kravet kjem frå Liberty Mutual Insurance Europe – og er på meir enn 93 millionar kroner.

Av lokale kreditorar står Vegsund Slip oppført med det nest største kravet på heile 56,8 millionar kroner. Styreleiar og medeigar Sindre Drønnen seier til Kystens Næringsliv - som omtalte kreditorlista denne veka - at han ikkje vet om det er sannsynleg at dei får pengane tilbake.

Sula-verftet har likevel solid økonomi og lagt bak seg fleire rekordår, så verftsleiaren seier han søv godt om natta.

Fekk meirkostnad på 40-50 prosent
Ein stor del av Vegsund Slip-kravet tilhøyrar i realiteten Nordnes-reiarlaget, som har størstedelen av summen uteståande hos verftet.

Bakgrunnen er at Giske-reiarlaget hadde Nye Nordbas til ombygging ved verftet i tida kring konkursen. Vegsund Slip hadde kontrakten – men arbeidet gjekk føre seg med underleverandørar på Kleven.

Dagleg leiar og eigar Tormund Grimstad fortel til NETT NO at summen er ei nøktern vurdering av tapa dei fekk i samband med ombyggingsprosjektet.

– Det var utruleg at vi ikkje knakk ryggen. Med bakgrunn i det sviket vi opplevde i dette prosjektet, fekk vi ein meirkostnad på 40-50 prosent på den båten, fortel Grimstad.

Han trur ikkje dei hadde komme over kneika, om det ikkje var for godt samarbeid med Sparebank 1 SMN og Innovasjon Norge.

Nordbas nordnes kleven juni 2020 11
OMBYGGING: Det som opprinneleg var ein kring 40 år gamal fiskebåt, ferdig ombygd og forlenga som nye Nordbas. Foto: Marius Rosbach

– Skjønte kva veg det bar
I tillegg til at prosjektet blei fordyra, måtte reiarlaget betale inn fleire millionar som var uteståande i buet. Ombygginga blei i etterkant gjort ferdig av Green Yard Kleven, som tok over verftet.

Nordnes-reiaren legg ikkje skjul på at dei kjenner seg urettvist behandla av den tidlegare verftseigaren - og ønsker å få tilbake så mykje som mogleg av tapa.

– Vi skjønte kva veg det bar dei siste månadene, og vi var heldige som fekk båten på vatnet berre to veker før konkursen. Det berga oss, legg Grimstad til.

Private og offentlege kreditorar
Både Tussa IKT, Wenaas Workwear og Metizoft er blant andre lokale selskap som har meldt inn mindre krav etter konkursane.

Skattestyresmaktene og NAV har også inne betydelege krav. På lista står også alt frå Ulstein og Ålesund kommunar til Møre 110-sentral, eit cateringselskap og eit treningssenter.

Desse er dei største krava:

  • Liberty Mutual Insurance Europe 93 mill.
  • Vegsund Slip 56,8 mill.
  • Kleven Maritime Contracting (konkursbu) 29,2 mill.
  • Sparebank 1 SMN 25 mill.
  • HG Teknikk 13,5 mill.
  • Innovasjon Norge 11,4 mill.
  • Nordea Bank 5,1 mill.
  • Tilsette Kleven Verft 5 mill.
  • DIV Grupa 5 mill.
  • Rem-Pol Resources Norway 4,6 mill.
  • Pipe Systems Engineering 2,9 mill.
  • Havyard Design & Solutions 2,4 mill.
  • Fjordpipe 2,4 mill.

Tapt skrogverdi og forteneste
Bakgrunnen for kravet som vil bli ført i retten kjem fram i årsberetninga frå bustyraren i fjor. Summen på 193 millionar kroner er knytt til verdien av eit offshoreskip som var under arbeid – og som aldri blei levert frå verftet.

Bustyraren har rekna seg fram til at tapet skal baserast på reduksjonen av den balanseførte verdien av skroget og tapt forteneste på oppdraget.

Buet meiner handlingane til styreleiar Debeljak var den direkte årsaka – og førte til at bankane kansellerte låneavtalane med verftet.

Tomislav debeljak div group kleven mars 2020 11
FØRSTE MØTE: Tomislav Debeljak under det første besøket ved Kleven-verftet. I bakgrunnen skipet som er utgangspunktet for storleiken på søksmålet frå buet. Foto: Marius Rosbach

Meiner han forsøkte å berge selskapet
Tomislav Debeljak sjølv har forklart at han meiner å ha gjort det rette for å berge verftsselskapa, og meiner det var feil av bankane å seie opp avtalen med verftet før konkursen i juli 2020.

Han meiner økonomien var betre enn kreditorane hevda, og at det ikkje var grunnlag bankane til å seie opp avtalen.

Nøkkelpersonar ved Kleven-verftet er også sentrale vitne når konkursbuet møter den tidlegare eigaren i retten.

Verftsdirektør gjekk på dagen
- It's a great day
, sa verftsdirektør Kjetil Bollestad ved Kleven den 6. mars 2020. Då vart det klart at kroatiske DIV Group overtok verftet etter at ei rekkje andre aktørar trekte seg.

Deretter skar det meste seg og tre månader seinare hadde verftssjefen fått nok av den allereie omstridde Kleven-eigaren.

– Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak er ein del av, sa Bollestad på Kleven til NETT NO om kvelden 26. juni.

Han kunngjorde då at han trekte seg som toppsjef for Kleven, og gjekk hardt ut mot både DIV Group og Tomislav Debeljak. Saka vart den mest leste på NETT NO i 2020 og Kleven-dramaet dominerte lenge nyheitsbildet.

Publisert: 23.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 23.09.2023 18:24

Mer om