Fridtjof Nansen svalbard
TIL KLEVEN: MS Fridtjof Nansen blei nyleg døypt på Svaldbard, men ligg no til kai i Ålesund. Måndag kjem skipet til Ulstein-verftet på måndag. Foto: Oclin/Hurtigruten Expeditions
Nytt

Kleven sikra ny jobb for Hurtigruten

Sjette oppdraget i rekka for verftet.

Marius Rosbach
08.10.2021

Hurtigruteskipet Fridtjof Nansen kjem til Green Yard Kleven for å klargjerast til nye ekspedisjonscruise.

Det sikrar arbeid for dei tilsette, og blir eit «gledeleg gjensyn med skipet», seier Green Yard-sjef Hans Jørgen Fedog i ei pressemelding.

MS Fridtjof Nansen blir det sjette skipet frå Hurtigruten Expeditions som får utført arbeid ved verftet siste året. Skipet blei bygd ved Kleven og vart nyleg døypt i Longeyearbyen.

Framover skal skipet ut på cruiseekspedisjonar frå Hamburg og nordover langs norskekysten til Nordkapp.

MS Roald Amundsen har siste tida hatt eit opphald på verftet for å bli klargjort for ekspedisjonscruise. Skipet har fredag segla frå verfte og skal i vinter på cruise i Antarktis.

Publisert: 08.10.2021 14:17

Sist oppdatert: 08.10.2021 14:24

Mer om