Konkursgjengangar dømt for svindel
Ålesundar må i fengsel etter forsikringsbedrageri.
Ein ålesundar er dømt til fengsel i seks månader fengsel for forsikringsbedrageri, ifølgje ein dom frå Møre og Romsdal tingrett.
Bakgrunnen er at mannen uriktig oppga å ha blitt frastjåle verdiar for kring 65.000 kroner, mellom anna to pc-ar og ein hjartestartar som skal ha blitt oppbevart i ein sekk.
Innblanda i ein rekke konkursar
Mannen har vore innblanda i ein fleire konkursar som NETT NO har omtalt, og den eine pc-en som blei meldt stole i forsikringsbedrageriet, var beviseleg innlevert til buet i ei konkurssak i fjor vinter.
Den siste konkurssaka blei avslutta i mars og gjaldt eit selskap som var dreve på kreditorane rekning frå starten. Bustyrar Øystein
Remme vurderte søksmål i saka, men la det vekk fordi ein var usikker på om det var noko å hente.
Fellesstraff med tidlegare svindeldom
Mannen blei i 2020 dømt til fengsel i eitt år og to månader for grov svindel etter drift av fleire selskap.
Deler av den straffa blei gjort betinga, og den siste dommen er ein sokalla fellesstraff for begge sakene.
Tingretten bemerkar at det er skjerpande at forsikringsbedrageriet skjedde medan han var under soning av den førre dommen.
Publisert: 25.05.2022 07:14
Sist oppdatert: 25.05.2022 08:00