Sunnmøre tingrett innfelt mtu norge foto ogne skjermfoto 11
PÅ KREDITORS REKNING: Bustyrar meiner at det konkursråka selskapet frå starten av var drevet for kreditoranes rekning. Mannen som dreiv firmaet hadde karantene og er tidlegare dømt for svindel etter ei anna konkurssak. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Droppar søksmål etter konkurs

Bustyrar går likevel ikkje etter faren til konkursryttar. Men skatteetaten har mykje å utsette på bilagsføringa.

Marius Rosbach
04.03.2022

Møre og Romsdal tingrett har innstilt behandlinga av konkursen etter Ålesund-selskapet MTU Norge As – tidlegare Norsk Livredning.

Bustyrar Øystein Remme landa under tvil ned på å ikkje gå til søksmål mot styreleiaren i selskapet som i realiten var vore dreve på kreditorane si rekning sidan oppstarten i 2019.

Styreleiaren er faren til ein svindeldømt mann, som har vore involvert i ein rekke konkursar tidlegare.

På tidspunktet då selskapet blei starta, hadde mannen konkurskarantene, men faren oppretta likevel selskapet for at sonen skulle ha ei inntekt.

– Søksmålet blei fremma for forliksrådet, som innstilte behandlinga fordi dei meinta saka var lite eigna til behandling, fortel Remme til NETT NO.

Tilsyn frå Skatteetaten
Avgjersla om å ikkje ta søksmålet vidare til rettsapparatet, er basert både på at det ikkje er pengar i buet til ein slik prosess, og at bustyrar er usikker på om det er noko å hente ved eit søksmål.

Samtidig har Skatteetaten gjort eit tilsyn i selskapet. Dei fann det dei meiner er ein rekke feilaktige uttak gjort av sonen.

Rapporten viser manglar ved dokumentasjonen kring bilag, som mellom anna er merka flybilletter, leige av bubil og hotellopphald.

Tilsynet enda med at Skatteetaten rapporterte inn nær ein halv million ekstra lønsinntekt på sonen, i tillegg til kostnader for bil på nær hundre tusen kroner.

– Difor er det eit visst håp om at det offentlege vil få inn noko midlar, kommenterer Remme.

Den første burapporten viste uttak til sonen på i overkant av 820.000 kroner.

Fleire tidlegare konkursar
Selkapet blei starta under namnet Norsk Livredning våren 2019, og skulle selje hjartestartarar. Det er ei verksemd sonen har halde på med i fleire selskap tidlegare – som alle er gått konkurs.

Hjartestartarane blei kjøpt inn frå ulike firma og selt vidare til kundar. Stort sett er det kjøpt pakkar med hjartestartarar og årlege kurs.

Rapportane frå bustyrar viser at det konkursråka selskapet ikkje på noko tidspunkt synest å ha tatt i vare forpliktingane sine ovanfor leverandørar eller andre kreditorar.

Dei samla krava etter den siste konkursen utgjer kring 1,25 millionar kroner.

Måtte betale tilbake koronastøtte
NETT NO omtala i mai 2020 at det no konkursråka selskapet, hadde fått støtte frå kontantstøtteordninga som blei oppretta for bedrifter råka av koronakrisa.

Bustyrar Remme har tidlegare stadfesta at selskapet fekk utbetalt drygt 38.000 kroner, og at dei fekk krav om tilbakebetaling av dette.

Ein hjartestartar og to brannslukkingsapparat
Verdien i konkursbuet består no av ein hjertestartar og to brannslukkingsapparat, i tillegg til noko datautstyr.

Bustyrar bemerkar i sluttrapporten at gjenstandane er inkludert i ei pågåande politietterforsking.

Spesialetterforskar Arve Ludvig Engene hos politiet i Ålesund opplyser til NETT NO at dei ikkje har opna etterforsking i samband med MTU Norge-konkursen.

Påtaleansvarleg Hilde Haugen i Møre og Romsdal politidistrikt kan ikkje opplyse til NETT NO om politiet for augneblinken har gåande ei etterforsking der sonen er involvert.

Publisert: 04.03.2022 05:55

Sist oppdatert: 03.03.2022 22:48

Mer om