Sunnmøre tingrett foto ogne
KONKURSBEHANDLING: Sunnmøre tingrett hadde førre veke første skiftesamling i konkurssaka i eit selskap knytt til ein mann som tidlegare har fått karantene to gonger og dømt til fengselsstraff for grov svindel. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nye millionkrav etter konkursgjengangar

Mannen har vore innblanda i ein rekke konkursar, er svindeldømt og hadde karantene - men fekk likevel drive selskap. Bustyrar vurderer søksmål.

Marius Rosbach
26.04.2021

Ein mann som i fjor blei dømt til fengsel i eitt år og to månader for grov svindel etter drift av fleire selskap, er igjen i søkelyset i ei konkurssak.

Mannen har tidlegare pådrege seg milliongjeld etter å ha gått konkurs med fleire selskap. No skal han igjen ha etterlete seg fleire millionar i gjeld til kreditorar etter drifta av eit Ålesund-selskap som er konkurs.

Det går fram av ein førebels rapport frå bustyrar Øystein Remme.

Har bedt om midlar til søksmål
Bakgrunnen for at mannen kom i posisjon til å drive forretningar, er at faren stifta eit selskap, der han var oppført som styreleiar og eigar. Ifølgje bustyrarrapporten gjorde faren dette for at sonen skulle ha ei inntekt - sjølv om han var kjent med at han hadde karantene.

At han på denne måten har vore med å påføre kreditorar betydelege tap, er «svært kritikkverdig,og utvilsomt uttrykk for uforsvarlig forretningsførsel», konkluderer bustyrar Remme. Advokaten meiner også det er grunn til å mistenke styreleiaren for fleire andre straffbare forhold.

Bustyrar har difor søkt justisdepartementet om midlar for å forfølgje saka med eit erstatningskrav mot styreleiar for tapa til kreditorane.

Drifta på kreditoranes rekning frå starten
Firmaet som blei starta opp våren 2019, selde hjartestartarar, Desse blei kjøpt inn frå ulike firma, og selde vidare til kundar. Stort sette er det kjøpt pakkar med hjartestartarar og årlege kurs.

Det er ei verksemd den svindeldømte sonen har halde på med i fleire selskap tidlegare – som alle er gått konkurs.

I rapporten skriv bustyrar med at den no konkursråka selskapet ikkje på noko tidspunkt synest å ha tatt i vare forpliktingane sine ovanfor leverandørar eller andre kreditorar. Med andre ord har firmaet stort sett frå starten vore drifta på kreditorane – inkluderte det offentlege – si rekning og risiko, er konklusjonen til Remme.

Reell gjeld på drygt to millionar
Ålesund-firmaet har ført rekneskapane sjølv, og desse er svært mangelfulle, skriv bustyrar. Det er ikkje større verdiar i selskapet.

Ei førebels oversikt viser ei gjeld på kring 1,3 millionar kroner, men medrekna manglande innrapportert skatt og meirverdiavgift, vil truleg beløpet ende på drygt to millionar kroner.

Undersøkingane til bustyrar har vist at stort sett alle innbetalingar som har kome inn til selskapet, er gått direkte, eller indirekte, vidare til sonen. Eit beløp på kring 800.000 kroner, er overført som lønn, bonus og refusjon av utgifter som ikkje er dokumenterte. I tillegg meiner bustyrar at selskapet har dekka private utgifter for sonen, som graving ved privat bustad, leige av campingvogn og bilkjøp.

Publisert: 26.04.2021 09:01

Sist oppdatert: 26.04.2021 11:12

Mer om